Å leve eit liv i redningsvest
Del 1: Før du les tekstane
Diskuter saman:
Kva kan forfattaren Sumaya Jirde Ali meine med tittelen Et liv i redningsvest. Korleis ser eit slik liv ut, trur de?
Kva betyr omgrepet rasisme for dykk? Kom med døme.
Ordet utsanforskap betyr at ein person eller ei gruppe ikkje kjenner seg som ein del av fellesskapen. Kva kan gi nokon ei slik kjensle? Kom med døme.
I tekstane er det den vaksne Sumaya som skriv til seg sjølv som barn. Det er ein tenkt samtale. Kvifor trur de forfattaren har valt denne forma?
"Utdrag 1" handlar om 22. juli 2011. Kva hende i Noreg då? Les artikkelen om det som skjedde, i Vesle norske leksikon.

Del 2: Les "Utdrag 1"
Les "Utdrag 1" frå Et liv i redningsvest.
Snakk saman i par:
Fortel med eigne ord kva som skjer i teksten.
Kvifor er det så viktig for eg-forteljaren at mannen bak terrorangrepa ikkje var muslim?
I teksten seier eg-forteljaren at ho skammar seg. Kvifor gjer ho det?
Kva meiner forfattaren med denne setninga: "Du var tretten, og du lurte på hva som var så galt med deg at 77 uskyldig mennesker skulle bli straffet for det."
Kva betyr det når ho seier at "du unnslapp ikke det politiske"?

Del 3: Les "Utdrag 2"
Les "Utdrag 2" frå Et liv i redningsvest.
Snakk saman i par:
Fortel med eigne ord kva teksten handlar om.
Kva slags bøker låner "du" i teksten på biblioteket?
Kvifor blir det så viktig for du-personen å låne bøker på biblioteket? Finn fleire døme i teksten på kva lesinga betyr for henne.
Kvifor prøver familien hennar å hindre henne i å lese bøker?
Har de nokon gong lese litteratur som har lært dykk noko om livet? Kom med døme.

Del 4: Diskuter utanforskap
Begge tekstutdraga fortel på ulike måtar om korleis barn og ungdom kan kjenne seg utanfor ein fellesskap.
Diskuter saman:
Kva meiner de skaper utanforskap i Noreg?
Kva kan gjerast for å hindre utanforskap?
Følar de at de lever "eit liv i redningsvest"? Kvifor / kvifor ikkje?
Relatert innhald
Utdrag frå boka Et liv i redningsvest av Sumaya Jirde Ali.