Kortfilm: Det finnes ingen naboer her lenger

Litt om filmen
I filmen møter vi Hanna Asefaw som fortel om staden ho vaks opp på. Ho budde saman med foreldra i ein kommunal bustad på Grünerløkka i Oslo på 90-talet. Det er ein stad med fleire bustadblokker. Filmen er basert på Asefaw sitt dikt "Sannergata 32".
Del 1: Før de ser filmen
I par eller grupper:
Kva hugsar du frå staden der du budde då du var fem år? Kven leika du med?
Diskuter desse frasane frå filmen. Kva betyr det som blir sagt, trur de? Skriv punkta opp på eit ark:
stemma til den afrikanske kvinna vog mindre enn arka deira
naboar som faktisk var naboar
ein heim i kvar etasje
ein annan type rikdom
botnlause twistposar
dei som livet hadde gjort slitne
å sove for alltid
Veit de noko om Grünerløkka frå før? Viss ja, fortel kvarandre det. Viss nei, søk opp staden på internett. Kva er bydelen kjend for?
Les gjennom ord frå filmen som kan vere vanskelege:
Del 2: Sjå filmen
Mens de ser filmen
Ta fram frasane de skreiv ned i del 1 og legg merke til når Hanna seier dei. Rekk då opp handa!
Lærar stoppar filmen. Diskuter då kva frasane betyr – først i par, så i heil klasse.
Skriv ned kva frasane betyr i denne filmen.
Sjå kortdokumentaren Det finnes ingen naboer her lenger på bibliotektenesta Filmbib (lengde 10:45).
Del 3: Diskuter spørsmåla
Jobb i par:
Fortel kva de tenker på etter å ha sett filmen. Kva trur de han handlar om?
Kven var Anine?
Kva slags inntrykk får de av familien hennar?
Kvifor trur de Hanna blei sint på foreldra sine då dei flytte?
Kven var Kasper? Kva betyr det at faren tok for mykje medisin, slik at han måtte sove for alltid?
Kva fortel Hanna om han som budde på loftet? Kva får vi vite om han? (Tips: noko dei fann i sandkassen)
Kva slags inntrykk får de av menneska og korleis det var å bu i blokka?
Det er Hanna på tjue år som fortel om tida ho budde i blokka då ho var fem år gammal. Korleis har dei som har laga filmen, vist dette? Kva er det vi ser på filmen?
Kvifor er Hanna så sint på Ivar Tollefsen og Fredensborg eigedom?
Kva meiner de er bodskapen i denne kortfilmen?
I filmen er det fleire ting som blir gjentekne. Kva effekt har det?
Kvifor heiter filmen Det finnes ingen naboer lenger?

Del 4: Film som samfunnskritikk
Jobb i par eller grupper:
Kortfilmen handlar om noko som faktisk har skjedd. I bydelen Grünerløkka var det fleire bustadblokkar med rimelege, kommunale leilegheiter som blei kjøpte av investor Ivar Tollefsen. Leilegheitene blei då mykje dyrare å bu i, og mange måtte flytte.
Kvifor kan vi seie at denne kortfilmen er samfunnskritisk? Finn døme frå filmen som viser at dei som har laga han, er kritiske til noko i samfunnet.
Korleis framstiller filmen kulturmøte? Er dei beskrivne positivt eller negativt? Grunngi ved å vise til noko i filmen.
Kva synest de om måten filmen tek opp eit samfunnsproblem på?
Del 5: Ver samfunnskritisk
Jobb sjølvstendig eller i par med å vere kritisk til noko du gjerne vil forandre i samfunnet. Du skal skrive ein kort tekst.
Når blei du sist sint eller lei deg av nyheiter du las eller høyrde? Skriv det ned som ei setning: Eg blei sint/trist då eg ...
Kvifor blei du sint eller trist? Grunngi kjensla: Det er fordi ...
Kva kan bli betre? Kom med forslag: Eg meiner at ... Då ...
Øv deg på å seie det du har skrive høgt. Prøv å lære det utanåt, slik at du kan seie det utan å sjå på arket eller pc-en.
Del samfunnskritikken i klassen: Alle reiser seg opp etter tur og seier høgt det dei har skrive.
Døme på tekst
Eg blei sint då eg las at biblioteket skal leggast ned. Det er fordi eg elskar å lese bøker, og på biblioteket er det heilt gratis. Eg meiner at det er veldig viktig at alle kan lese bøker gratis. Då får alle like moglegheiter til å bli gode til å lese.