Innanfor eller utanfor?

Oppgåve 1. Les og samanlikn to tekstar
Del 1: Tenk og skriv ned stikkord
Kva for tankar gir desse orda deg?
17. mai
bunad
inkludering
Del 2: Les eit debattinnlegg
Jobb saman munnleg i par. Les gjennom ordforklaringane før de les debattinnlegget.
Les debattinnlegget "Som innvandrer blir jeg alltid så glad og overrasket" av William Axtell og svar på spørsmåla under.
Kva er det som gjer feiring av det nasjonale i England litt komplisert, ifølge William Axtell?
Kva for nokon positive sider av den norske nasjonalfeiringa beskriv Axtell i debattinnlegget sitt?
Kva trur de Axtell meiner med sitatet under? Er de einige eller ueinige i det han skriv i sitatet? Grunngi svaret.
Det er uten tvil at alt ikke er perfekt. Uvennlige følelser skjuler seg rundt hvert hjørne, særlig rundt dager som handler om nasjonalitet. Det er jo alltid noe å gjøre for å fremme likestilling og forhindre diskriminering.
I dei to siste setningane av debattinnlegget refererer William Axtell til Noregs nasjonalsong "Ja, vi elsker dette landet":
Dette furete, værbitte landet. Dette landet som vi elsker.
Kvifor passar det godt med referansar til nasjonalsongen i dette debattinnlegget?
Kva er hovudsynspunktet i debattinnlegget?
Kva for tankar gir debattinnlegget deg om det å vere innanfor og utanfor i det norske samfunnet?
Er du einig eller ueinig i det William Axtel skriv? Grunngi svaret ditt.
Samanfatt felles i klassen:
Kva har dei andre i klassen svart?
Kva er de einige og ueinige i?
Del 3: Les eit utdrag frå Eg snakkar om det heile tida
Jobb saman munnleg i par. Samanfatt felles i klassen.
Les utdraget "bunad 1" frå boka Eg snakkar om det heile tida av Camara Lundestad Joof og svar på spørsmåla under.
Fortel att utdraget med eigne ord.
Kvifor vil ikkje dei gamle damene at eg-personen skal bruke bunad?
Eg-forteljaren endrar på historia når ho skal fortelje til andre kva som har skjedd. Ho seier at bestemora kom og hjelpte henne, sjølv om det ikkje er sant. Kvifor gjer ho det, trur de?
Kva for tankar gir utdraget dykk om det å vere innanfor og utanfor i det norske samfunnet?
Del 4: Samanlikn dei to tekstane
Samanlikn debattinnlegget "Som innvandrer blir jeg alltid så glad og overrasket" med utdraget "Bunad 1".
Presenter begge tekstane i innleiinga.
Samanlikn tekstane. Legg mest vekt på temaet når du skriv hovuddelen din.
Lag ei passande avslutning.
Oppgåve 2: Skriv ein reflekterande tekst
Skriv ein tekst der du reflekterer over temaet "Innanfor eller utanfor?". Vis til døme frå tekstar du kjenner til og/eller eigne erfaringar. Du kan bruke nokre av setningsstartarane under viss du ønsker det:
Det er ikkje alltid lett å ...
Nokre gonger ...
Andre gonger ...
Kva kan vi gjere for ...?
I teksten "..." kjem det tydeleg fram ...
Det får meg til å tenke på ...
Eg har sjølv opplevd at ...
Det er viktig å hugse på at ...
Eg meiner ...