Analyser ein kampanjefilm frå Redd Barna

Del 1: Ord og omgrep i filmen
Nokre viktige omgrep
Før de ser filmen frå Redd Barna, skal de jobbe med ord og omgrep. Snakk saman i par eller grupper om spørsmåla under:
Kva betyr det "å vere seg sjølv"?
Kva trur de det betyr "å vere utanfor"?
Kva er "mobbing"?
Veit de kva det betyr "å vere skeiv"?
Gå gjennom spørsmåla i klassen.
Lag ordforklaringar
Lag ei ordliste over orda/frasane under. Set dei om frå norsk til førstespråket dykkar. Bruk Lexin når de skal slå opp.
På norsk | På førstespråket ditt |
|---|---|
| å forvente | |
| homo (homofil) | |
| skjellsord | |
| usynleg | |
| å skilje seg ut (Døme: Han skil seg ut fordi han har rare klede.) | |
| annleis | |
| overgrep | |
| å bli respektert | |
| krenking | |
| openheit |
Kva kjem filmen til å handle om?
No skal de sjå ein kampanjefilm frå Redd Barna. Redd Barna er ein organisasjon som jobbar for barn sine rettar. Ein kampanjefilm er ein kort film som prøver å få folk til å støtte ei sak eller handle.
Diskuter i grupper:
Kva trur de filmen kjem til å handle om?
Kva trur de er bodskapen i filmen?
Del 2: Sjå kampanjefilmen
Sjå filmen frå Redd Barna (lengde 6:03).
Del 3: Kva er bodskapen i filmen?
A. Jobb åleine
Skriv fritt i tre minutt om kva du meiner er bodskapen i filmen.
Skriv minst tre ord du synest er viktige frå filmen. Det kan vere ord skodespelaren seier, eller ord du synest er viktige for å forstå bodskapen.
B. Jobb i grupper
Set dykk saman i grupper på fire med eit ark framfor dykk, gjerne eit A3-ark.
Skriv orda kvar av dykk skreiv ned i oppgåve 3A i kvart hjørne av arket.
Les orda høgt for kvarandre.
Forklar kvarandre kvifor de skreiv nettopp desse orda.
Forklar kvarandre kva de meiner er bodskapen i filmen.
C. Oppsummer i klassen
Skriv opp på tavla alle orda elevane har skrive ned.
Var det nokon ord som blei sagde fleire gonger? Set ring rundt desse.
Del 4: Diskuter filmen
Diskuter i klassen:
Historia de nettopp har høyrt, handlar om ein gut som blei mobba fordi han var annleis. Kvifor trur de det å vere annleis kan føre til mobbing?
Har de sett at nokon blir mobba fordi dei skil seg ut? Eller har de opplevd det sjølv?
Korleis trur de det er å vere homofil i Noreg i dag?
Del 5: Skriv om filmen
Skriv ein tekst på 100–200 ord der du
først forklarer med eigne ord kva som var bodskapen i filmen du såg. Bruk gjerne nokre av orda de skreiv på tavla i oppgåve 3C i teksten din.
reflekterer over kvifor det å vere annleis kan føre til mobbing