Hopp til innhald
Nynorsk
Oppgåve

Utforsk eit dikt av Sarah Zahid

Kva vil Sarah Zahid fortelje deg med diktet "litt backstory"? I denne oppgåva skal du utforske diktet saman med dei andre elevane i klassen. Heilt til slutt skal du skrive di eiga "backstory".

Til læraren

Last ned Word-fila under. Der finn du diktet til Sarah Zahid delt opp i ni delar. Klipp ut delane og gi kvar elev eit utdrag. Viss du har ei gruppe med færre enn ni elevar, kan du gi utdraga ut "porsjonsvis" (la dei først få utdrag 1–3, så utdrag 4–6 og så vidare). Viss du har ein klasse med fleire enn ni elevar, kan fleire elevar få det same utdraget.

Målet er at elevane skal få undre seg og utforske ein liten del av teksten før dei les heile. Då kan elevane diskutere kva dei trur diktet kjem til å handle om før dei les heile diktet. Ei slik tilnærming sikrar utforskande tilnærming til tekst og skal vekke nysgjerrigheit før elevane set i gang med tolkingsarbeidet.

Del 1: Utforsk diktet åleine

Du får no delt ut eit utdrag frå diktet av læraren din. Les utdraget nøye og skriv svar på desse spørsmåla bak på arket der utdraget står:

  • Kva handlar dette utdraget om?

  • Kva slags kjensler eller tankar viser det?

  • Kva tenker eget i diktet om seg sjølv?

Del 2: Utforsk diktet i grupper

Gå saman i grupper på 3–4 elevar.

  1. Alle les svara sine på spørsmåla frå del 1. Samanlikn det de skreiv: Var det mykje likt, eller noko som var heilt ulikt?

  2. Les utdraga de har fått for kvarandre.

  3. Diskuter desse spørsmåla:

    • Kva meiner de diktet kjem til å handle om etter å ha høyrt fleire utdrag?

    • Kva meiner de kan vere /temaa i diktet?

    • Kva problem er det eget i diktet har?

Del 3: Les og tolk diktet

Sit åleine. Les heile diktet "litt backstory".

Svar på desse spørsmåla med heile setningar:

  1. Kva tenker eget i diktet om seg sjølv?

  2. Kvifor blei tal så viktige i livet til eget?

  3. Kva for har eget til seg sjølv?

  4. Kva for forventningar har eget til framtida si?

  5. Kva trur du diktet prøver å seie om unge menneske sine liv i dag?

  6. Finn to–tre du likte eller kjende deg igjen i.

  7. Kva meiner du er temaet/temaa i diktet?

Del 4: Diskuter i grupper

  1. Gå saman i grupper. Diskuter svara dykkar i del 3.

  2. Likte de diktet? Alle fortel meiningane sine om diktet. Hugs å grunngi svara.

Ekstra: Sarah Zahid i "Brenner deler dikt"

Lytt gjerne til episoden av "Brenner deler dikt" på NRK (lengde 17 minutt), der Sarah Zahid er gjest og fortel at ho er lei av forventningspresset ho har til seg sjølv.

Del 5: Skriv di eiga "backstory"

Skriv ein kort tekst med frå diktet. Tittelen skal vere "litt backstory", og du skal fortelje om noko som er ditt, eller du kan finne opp ein person som fortel.

Du kan begynne slik:

  • Så lenge eg kan hugse, har eg …

  • Ein gong då eg var …

  • Eg har ein plan om å …

  • No jobbar eg …

Mål: Sette ord på kjensler, tankar, draumar, og val – slik som i diktet.

Del 6: Del diktet

Gå saman i par. Les dikta dykkar høgt for kvarandre.

Relatert innhald

litt backstory

Eit dikt av Sarah Zahid frå diktsamlinga Bjørnholt vgs.

Skrive av Åsa Abusland.
Sist oppdatert 25.06.2025