Hopp til innhald
Nynorsk
Oppgåve
Video

Utforsk utdrag frå Da vi var yngre

Oppgåve 1. Bli kjend med forfattaren

I dette intervjuet med Lindmo møter du forfattaren Oliver Lovrenski som har skrive romanen Da vi var yngre. Tips! Les gjennom oppgåvene under før du ser intervjuet.

Del 1: Litt om romanen og forfattaren

  1. Kva legg du spesielt merke til rundt språk og skrivemåte når forfattaren Oliver Lovrenski les opp frå Da vi var yngre i byrjinga av intervjuet?

  2. Kva seier forfattaren om kva som er felles for vennene i romanen Da vi var yngre?

  3. Korleis har eige liv inspirert Oliver Lovrenski til å skrive romanen?

  4. Kva fortel Lovrenski om forholdet sitt til bestemor si, Baba?

  5. Kva meiner Lovrenski med at det er stort blant mange ungdommar som ikkje har komme inn på rett arena? Er du einig eller ueinig i det Lovrenski seier? Grunngi svaret ditt.

Del 2: Jobb med metaforane i intervjuet

Både programleiaren og forfattaren bruker ganske mange metaforar i intervjuet. Legg spesielt merke til desse metaforane og tenk over kva dei kan bety:

Kva trur du Lovrenski meiner når han seier

  1. at han lever "meir streit enn dei fleste"

  2. at han "har funne tilbake til seg sjølv"

  3. at nokre ungdommar "har fått delt ut dårlege kort"

  4. at Baba, bestemor hans, var "limet i familien"

  5. at han "miste då bestemora, Baba, døydde"

"Når heile verda fell saman, tek dei imot og held ho oppe. Huset brenn, taket fell. Dei held det oppe lenge nok til at vi kan springe ut."

  • Lovrenski bruker denne metaforen for å fortelje kor viktig mora og bestemora har vore i livet hans. Kva meiner han eigentleg? Prøv å forklare det med eigne ord.

Kva betyr det når Lindmo seier at

  1. ansiktet til Oliver Lovrenski er "tapetsert overalt"?

  2. "Du hadde ei trygg bestemor og mammaen din. Pappa var ikkje i biletet."


Oppgåve 2. Jobb med romanutdraga

Del 1: "Lillebroren til Jonas 1" og "Lillebroren til Jonas 2".

  1. I par: Fortel med eigne ord kva tankar og kjensler du får av å lese utdraga "Lillebroren til Jonas 1" og "Lillebroren til Jonas 2".

  2. Kva betyr det at faren til Jonas var på drikkerunde?

  3. Kvifor trur du Jonas sa til mor si at nasen var knekt etter å ha blitt treft av ein fotball i gymtimen?

    • Kva trur du eigentleg hadde skjedd?

    • Kvifor var det vanskeleg for Jonas å fortelje det til mora? Grunngi svaret ditt.

  4. Kvifor ville Jonas bu saman med mora og veslebroren?

  5. Kva var grunnen til at Jonas blei buande hos faren likevel?

  6. Beskriv personane i utdraga og forholdet mellom dei.

  7. Kvifor trur du forfattaren har valt overskriftene "Lillebroren til Jonas 1" og "Lillebroren til Jonas 2" på utdraga? Handlar utdraga mest om Jonas eller veslebroren? Grunngi svaret ditt.

Del 2: "Julaften 1"

  1. Forklar kort kva som skjer i utdraget som heiter "Julaften 1".

  2. Kva er det Jonas stel frå butikken?

  3. Kvifor trur du vennene vil vere saman med kvarandre på julaftan i staden for å vere med familien? Grunngi svaret ditt.

  4. Forklar og samanlikninga "Han løfta pakken over hovudet som Simba løvebabyn." Tips: Simba er namnet på løveungen i teiknefilmen Løvenes konge.

  5. Lag ei liste over ukjende ord frå romanutdraget. Finn ut kva orda betyr.

  6. Kva for nokon ord i utdraget kan vi seie er og ? Korleis påverkar ordvala korleis vi opplever miljøet og dei ulike personane i romanen?

  7. Kva er spesielt med korleis forfattaren bruker teiknsetjing og stor/liten bokstav i utdraga?

  8. Vis til minst to døme frå utdraget der språket ikkje følger skrivereglane i norsk. Forklar kva som må forandrast for at det skal vere rett skrive.

Del 3: Samanlikn med ein annan tekst

Til lærar

I denne oppgåva kan det vere lurt å gi elevane nokre utdrag frå Skarangers roman som dei kan studere i etterkant av filmen. Du kan sjølvsagt òg bruke berre romanen og ikkje filmen i samanlikninga.

Oliver Lovrenski har sagt at han er inspirert av romanen Alle utlendinger har lukka gardiner av Maria Navarro Skaranger. Klarer du å finne nokon likskapar? I denne oppgåva skal du samanlikne språket dei to forfattarane har brukt.

  1. Sjå på orda du skreiv ned i Del 2. Samarbeid gjerne med ein annan elev. Har de lagt merke til dei same orda?

  2. Sjå filmen Alle utlendinger har lukka gardiner og skriv ned døme på at karakterane bruker sosiolekt og etnolekt. Er det nokon ord som er dei same som i punkt A?

  3. Diskuter: Kvifor trur du begge desse forfattarane bruker sosiolekt og etnolekt når dei fortel historiene sine?

  4. Kva for nokon andre likskapar la du merke til i dei to tekstane?

Relatert innhald


Skrive av Elisabeth Lønning.
Sist oppdatert 15.10.2024