Hopp til innhald
Nynorsk

Fag

Oppgåve

Utforsk forteljingar på fleire språk

Les forteljinga "Den gigantiske nepen" på fleire språk, og skriv eigne forteljingar på norsk og førstespråket ditt. Du kan bruke biletroboten til KI for å lage bilete til forteljinga du lagar.

Til læraren

Vis gjerne elevane der dei kan finne forteljinga "Den gigantiske nepen" på ulike språk. Språka forteljinga er tilgjengeleg på, ligg øvst i verktøylinja på nettsida. Vis òg korleis elevane kan spele av lyd. Det er lurt at elevane har jobba med emnet "Språklege verkemiddel" før dei svarer på denne oppgåva.

Del 1: Ord i forteljinga

Kva betyr desse orda frå forteljinga "Den gigantiske nepen"? Slå opp i ordboka "Lexin" eller "Ordbøkene" viss du er usikker. Oversett til førstespråket ditt. Du kan òg spørje prateroboten til NDLA om hjelp, men hugs å til forslaga frå roboten.

  • landsby

  • spade

  • nepefrø

  • spire

  • knyttneve

  • raudbete

  • bom fast

  • luskande

  • pilande

  • musehol

Del 2: Les forteljinga "Den gigantiske nepen"

Les forteljinga "Den gigantiske nepen" på norsk felles i klassen. Lytt til teksten og sjå på illustrasjonane til.

Del 3: Les forteljinga på eige førstespråk

Les forteljinga "Den gigantiske nepen" på ditt eige førstespråk. Viss forteljinga ikkje er tilgjengeleg på førstespråket ditt, kan du lese ho på engelsk eller eit anna språk du kjenner til.

Del 4: Snakk saman om verkemiddel

Jobb saman to og to. Svar munnleg på oppgåvene under.

  1. Korleis blir som verkemiddel brukt i forteljinga? Vis til døme.

  2. I forteljinga er humor eit tydeleg verkemiddel. Korleis påverkar humor som verkemiddel lesaren? Vis til døme både i tekst og .

  3. Korleis får dyr menneskelege i forteljinga? Kvifor har forfattaren valt dette verkemiddelet? Grunngi svaret ditt og vis til døme.

Del 5: Lag ei framføring på fleire språk

Lag ei framføring av forteljinga "Den gigantiske nepen" der alle språka de har i klassen blir brukte i same framføring. Det kan til dømes vere ukrainsk på første biletet, vietnamesisk på andre biletet og så vidare.

  • De kan framføre ved å snakke under sjølve framføringa, eller ved at de speler inn lyd til kvar enkelt illustrasjon. Bruk illustrasjonane som er laga til forteljinga.

  • Presenter framføringa for ei passande gruppe, ein klasse eller liknande.

Del 6: Skriv ei eiga forteljing

Lag ei eiga forteljing. Vel mellom dei to alternativa under:

  1. Lag ei eiga forteljing med eit innhald som er ei forteljing du kjenner frå heimlandet ditt.

  2. Lag ei eiga forteljing med eit innhald som er inspirert av forteljinga "Den gigantiske nepen".

    • Bruk verkemiddel som til dømes gjentaking, dyr som får menneskelege eigenskapar, humor eller kontrast i forteljinga di.

    • Du kan lage illustrasjonar til forteljinga di ved å teikne sjølv eller bruke biletroboten til NDLA.

    • Du kan spele inn lyd på forteljinga di slik det er gjort til forteljinga "Den gigantiske nepen". Ha éin lydversjon på norsk og éin på førstespråket ditt.

Del 7: Del forteljingane med kvarandre

Gå saman i ei lita gruppe. Vis forteljingane de har laga i del 5 for kvarandre. Fortel kva du har tenkt når du valde kva forteljinga di skulle handle om.

Skrive av Elisabeth Lønning.
Sist oppdatert 15.05.2025