Utforsk språkleg mangfald
Oppgåve 1
Målet med oppgåvene er at du skal bli merksam på kva for språk, og variantar av språk, du har rundt deg i kvardagen. Kanskje oppdagar du at det er fleire som kan hjelpe deg når du strevar med å forstå norsk?
Du kan òg lære mykje om språk når du snakkar med andre om språkkunnskapen deira, og nokre gonger kan desse samtalane bli ganske morosame.
Gjer éin eller fleire av delane under, og samarbeid gjerne med andre elevar.
Del 1: Kva for språk kan klassen?
Diskuter i klassen: Kva vil det seie "å kunne eit språk"?
Bli einige om reglar for kva de skal ta med i dei neste punkta i oppgåva.
Alle skriv ned språka dei kan på tavla. Ta òg med språk de berre kan snakke og/eller skrive litt.
Finst det dialektar i nokon av desse språka, og som de sjølv kan snakke? Skriv opp desse òg.
Kor mange språk og dialektar kan de til saman? Lag ein plakat med alle språka. Skriv opp namna både på kvart enkelt språk og på norsk.
Kor mange av dykk kan snakke og/eller skrive dei ulike språka på plakaten? Skriv opp talet på plakaten.
Del 2: Kva for språk kan andre du kjenner?
Her skal du gjere ei spørjeundersøking om dei du kjenner som ikkje går i klassen din. Kva for språk og dialekter kan dei? Du kan til dømes spørje venner, søsken, foreldre, lærarar, trenarar og så vidare. Set opp det du finn ut i eit skjema.
Døme
I dette dømet har vi sett opp språka med nummer, der språk 1 er språket personane kan best. Du kan òg ta med meir informasjon, som til dømes kor godt personane kan dei ulike språka.
Namn | Språk 1 | Språk 2 | Språk 3 | Kommentar |
|---|---|---|---|---|
Amir | pashto | arabisk | norsk | kompis på fotballen |
Mona | norsk | engelsk | arabisk | læraren min på ungdomsskulen |
Dieter | tysk | engelsk | tyrkisk | mamma sin kjæraste |
Barak | engelsk | arabisk | norsk | ny nabo i blokka |
Oppgåve 2. Språk på arbeid
Del 1: Kva for språk kan du møte på arbeidsplassen din?
Når du jobbar ein stad, har du nesten alltid kundar, brukarar, kollegaer eller andre du må kommunisere med. Kva for språk møter du på arbeidsplassen din? Skriv ned og lag gjerne eit skjema (sjå del 2 i oppgåva over).
Kva er fagspråket der du jobbar? Skriv ned nokre ord og frasar som du stort sett berre møter på jobb.
Kva for språk og dialektar har kollegaene dine?
Kva for språk og dialektar har kundar, brukarar med fleire som du møter i jobben?
Del 2: Lær av språkleg mangfald med eiga ordbok
Korleis kan du utnytte at du har mange ulike språk rundt deg? Mange misforståingar kan unngåast viss du lærer deg nokre av orda og uttrykka du møter i kvardagen. Den beste måten å lære språk på er å både snakke og skrive, men òg pugge. Å pugge vil seie å jobbe om og om igjen med ord til du hugsar kva dei betyr. Ein måte å pugge på er å lage seg ei ordbok med ord og frasar du vil lære deg.
Du kan bruke ei skrivebok eller lage ordboka digitalt, til dømes i eit rekneark. Når du skal øve, begynner du med å skrive ned ord du møter på når du er på jobb. Bruk gjerne desse kategoriane:
fagspråk
dialektord
idiom (faste uttrykk du ikkje skal forstå bokstaveleg)
andre ord eg vil lære
Det kan vere god hjelp i å skrive ei forklaring på ditt eige førstespråk når du lagar ordboka. Du kan òg gjerne lime inn bilete og døme, viss det hjelper deg.
Sjå korleis alt saman kan setjast opp i ein tabell
Ord/frase | Arabisk | Forklaring på norsk | Eksempel |
|---|---|---|---|
Yrkesgruppe | مجموعة مهنية: مجموعة من الأشخاص لديهم نفس التعليم الرسمي. | menneske som har den same utdanninga | Tømrarar er i same yrkesgruppe. |
Lærling | المُتَدِّرب: شخص يقوم بالتَّدَرُّب على مهنة لدى إحدى الشركات. المتدرب يقوم بتَعَلُّم المهنة من خلال العمل فيها. | ein person som har opplæring i ei bedrift, og som lærer yrket ved å jobbe | Vi er to lærlingar som jobbar her. |
Bedrift | شركة: مكان للعمل | ein arbeidsplass | Det er mange som jobbar i denne bedrifta. |
Tilsette | موظف: شخص يعمل بشركة. | dei som jobbar på ein arbeidsplass | Det er over tjue tilsette i bedrifta. |
Ord /frase | Ukrainsk | Bilete | Forklaring/døme |
|---|---|---|---|
Bord | стіл | ![]() | Eg pleier å ha blomstrar på bordet. |
Lyn | блискавка | ![]() | Det lyner før det kjem tore og regn. |
Mann | чоловік | ![]() | Eg er mann. |
Å hoppe | стрибати | ![]() | Du kan hoppe opp, eller du kan hoppe utfor noko. Guten hoppar i vatnet. |
Å sove | спати | ![]() | Det er best å sove i senga på natta. |
Relatert innhald
Kva må du tenke over når du møter ulike språk og dialektar på arbeidsplassen din?




