Utforsk eiga fleirspråklegheit
Del 1: Diskuter
Diskuter i par eller grupper:
Kva er fleirspråklegheit?
Kor mange språk bruker du dagleg?
Kva for eit språk bruker du mest?
Kva for eit språk bruker du minst?
Del 2: Sjå filmen og svar på spørsmål
Lengde på filmen er 9:40.
No skal de skrive ferdig desse setningane. Jobb gjerne i par:
I denne filmen fortel professor Joke Dewilde om …
Dewilde meiner at …
I tillegg lærer vi at fleirspråklegheit er ein styrke fordi …
Vi får òg eit råd om å bruke førstespråket vårt når vi lærer om eit nytt tema, fordi …
Teikn inn språka i eit språkmenneske for å vise kva slags forhold du har til dei ulike språka du kan. Kva språk vil du plassere nær hjartet? Kva språk høyrer til i hovudet? Bruk gjerne fargar!
- Språkmenneske(PDF)
Del 3: Skriv sjølv
Tenk på fleirspråklegheita di som ein ressurs. Skriv ned tankar om kvifor dette er positivt i ein tekst. Bruk gjerne desse setningsstartarane:
Eg er ein fleirspråkleg person fordi eg snakkar …
Heime bruker eg …
Saman med venner bruker eg …
På skulen snakkar eg …
I den framtidige jobben min trur eg at ...
Gi teksten din tittelen "Eg – ein fleirspråkleg person".
Del 4: Fleirspråklegheit i arbeidslivet
Diskuter i grupper:
Kva er fordelen med å vere fleirspråkleg?
På kva måte er det ein fordel å vere fleirspråkleg i det framtidige yrket ditt? Lag ei liste med forslag.
Del forslaga i klassen.
Gå saman i grupper og vel anten oppgåve a eller b:
Lag eit rollespel som viser situasjonar der fleirspråklegheit er ein styrke.
Lag ein podkast der de drøftar fleirspråklegheit i kvardagen og i arbeidslivet.