Utforsk teksten "Brorskap og enhet"

Del 1: Førlesing
Leo Ajkic er ein kjend programleiar for radio og tv. Han flytta til Noreg i 1994 då han var elleve år. I dette filmklippet (lengde 4:13) blir du litt betre kjend med forfattaren av teksten "Brorskap og enhet", som du skal lese etterpå. I klippet besøker han heimlandet sitt Bosnia.
Sjå klippet og svar munnleg på spørsmåla under før de samanfattar svara felles i klassen.
Kva fortel Leo Ajkic om forholdet sitt til heimbyen og heimlandet?
Leo Ajkic seier i filmklippet: "Familien min er frå alle sider. Eg er bosniar og hercegovinar. Men eg har serbisk og har alt i meg. Eg har eks-Jugoslavia i meg. Eg har Balkan i meg. For meg er det positivt, men det er ikkje nødvendigvis positivt for alle. Og det kan vere eit problem."
Kva trur du han meiner med dette?
Kva tenker du om det han seier?
Del 2: Les teksten og sjå på ordforklaringane
Les teksten "Brorskap og enhet" individuelt.
Sjå godt på ordforklaringane til teksten.
Skriv stikkord til kvart avsnitt, slik at du hugsar betre kva avsnittet handlar om.
Del 3: Svar på oppgåver til teksten
Svar skriftleg på oppgåvene under:
Korleis beskriv Leo Ajkic nabolaget han flytta til i Bergen?
Kva meiner Leo Ajkic med setninga: "Då eg skulle bli kjend med Noreg, blei eg kjend med verda"?
Leo Ajkic fortel om fleire opplevingar som gjorde han utilpass etter at han flytta til Noreg. Kvifor trur du han reagerte på desse situasjonane? Kva meiner du om kommentarane til dei vaksne i nabolaget?
Korleis påverka interessa for basketball og hiphop vennskapen i vennegjengen til Leo Ajkic? Og korleis blei interessa for basketball ei moglegheit til å bli betre kjend med norske ungdommar på ungdomsskulen?
Leo Ajkic bruker fleire idiom i teksten sin. Forklar kva han meiner med "Det trur eg er nøkkelen til integreringa av det bosniske miljøet."
Kva fortel Leo Ajkic om det å dele mat med andre i norsk kultur, samanlikna med bosnisk kultur?
Kva tenker du om dette?
Korleis er det å dele mat med andre i kulturen frå heimlandet ditt?
Kvifor trur du det var viktig for Leo Ajkic med førebilete frå heimlandet?
Leo Ajkic skriv at foreldra var opptekne av at han skulle gå på skule. Får du inntrykk av at Leo Ajkic var einig med foreldra sine i dette? Grunngi svaret ditt.
Kva fortel teksten om vennskap og det å vere del av ein fellesskap?
Kva trur du Leo Ajkic ønsker å få fram med teksten sin?
Er det noko du kjenner igjen frå eigne opplevingar med det å flytte til eit nytt land i teksten "Brorskap og enhet"? Grunngi svaret ditt.
Kvifor trur du forfattaren har valt tittelen "Brorskap og enhet" ? Grunngi svaret ditt.
Det å spele basketball og drive med musikkforma hiphop hjelpte Leo Ajkic med å få gode vennskapar etter at han kom til Noreg. Kva har du sjølv gjort for å få nye vennskapar og bli kjend med den norske kulturen etter at du flytta til Noreg?
Del 4: Samtale i ring

Snakk saman om teksten "Brorskap og enhet" i ein samtale i ring. Ta utgangspunkt i spørsmåla du har svart på frå del 3. Det er viktig å passe på å vere munnleg sjølv, men òg å invitere andre inn i samtalen. Like viktig er det å lytte til det dei andre seier.
Relatert innhald
Teksten "Brorskap og enhet" er skriven av Leo Ajkic. Han er publisert i boka Third Culture Kids (Naqvi, 2019).