Korleis få elevane munnleg aktive?

Kvifor er eleven så taus i undervisningssituasjonen?
Det er ei kjend utfordring for lærarar som jobbar med elevar med norsk som andrespråk at nokre elevar er for lite munnleg aktive. Det kan vere mange årsaker til dette.
Elevar med norsk som andrespråk er i ein spesiell situasjon samanlikna med norske elevar. I tillegg til å lære faga og alle nye fagomgrep skal dei òg lære seg norsk. I norskfaget er det eigen læreplan som tek omsyn til dette, mens dei blir vurderte på lik linje med norske elevar i alle andre fag.
Det er lett å forstå at dette kan vere ein utfordrande situasjon, særleg for elevar med høge forventningar til seg sjølve eller press frå heimen. Kjensla av ikkje å strekke til kan forsterkast ved samanlikning med norske medelevar. For å skjule usikkerheit rundt språk eller fagkunnskap vel nokre elevar å halde fram med å vere tause, men dette kan hemme læring og utvikling. Det er derfor viktig å finne strategiar som bygger sjølvtillit og oppmuntrar til aktiv deltaking.
Gjer eleven kjend med norsk skulekultur
Elevar med norsk som andrespråk kan vere vande til ein annan type skulekultur enn det vi har i Noreg. Det er derfor viktig at elevane blir kjende med kva vi forventar av elevane i klasserommet i Noreg. Nokre elevar kan vere vane med å sitje stilt og lytte til læraren, mens elevar i norsk skule er forventa å vere aktive og ta mykje initiativ (Haugli, 2024). For enkelte minoritetsspråklege elevar kan det òg vere nytt og uvant å gå i klasse med elevar av motsett kjønn. Dette kan opplevast som ein stor overgang og føre til at nokon blir meir sjenerte.
I norsk skule er det vanleg med diskusjonar og ueinigheit. Vi som lærarar forventar elevaktiv undervisning og gruppearbeid, og set pris på at elevane stiller spørsmål. Det blir derfor viktig at du som lærar for elevar med kort butid gjer tydeleg forventningar om munnleg aktivitet i timane, og forklarer kvifor undervisninga har ein dialogisk form. Å skape ei trygg ramme for dialog er avgjerande for å styrke deltakinga til elevane.
Kvaliteten på samtalen i klasserommet heng mellom anna saman med korleis læraren leier og formar ut samtalen, kva for spørsmål som blir stilte, kva læraren vel å fokusere på, kva for oppgåver som blir gitte, og kva støtte elevane får i møte med utfordrande oppgåver (Haugli, 2024).
Korleis bygge eit trygt læringsmiljø?
Gode relasjonar mellom elevane og mellom lærar og elev er avgjerande for eit trygt læringsmiljø. Det må vere rom for å gjere feil utan at nokon ler eller gjer narr. Ein slik tryggleik gjer det enklare å delta munnleg.
Dette er forslag til rammer som kan skape tryggleik:
faste plassar i klasserommet
faste rutinar for oppstart og avslutning av undervisningsøkta
tydelege reglar og forventningar
tydeleg kommunikasjon tilpassa elevgruppa
visuell språkleg hjelp gjennom plakatar og liknande i klasserommet
oppmuntring frå lærar til bruk av fleire språk som støtte i utvikling av norskferdigheiter og fagkunnskap
Korleis få elevane meir munnleg aktive?
Det finst mange enkle grep vi kan gjere for å få elevane meir munnleg aktive i undervisninga. For å bli trygg munnleg må du legge til rette for at elevane får vere munnleg aktive kvar dag. Under er det nokre tips til aktivitetar som kan hjelpe fleire elevar til å delta munnleg i undervisninga.
Samtale to og to
Eit enkelt grep er å la elevane sitje saman to og to og snakke om eit fagleg spørsmål før dei diskuterer det same spørsmålet felles i klassen. Då aktiviserer vi langt fleire enn om vi stiller same spørsmålet til heile klassen med ein gong. Dette er ein metode som hjelper alle elevar, men det er ekstra nyttig for minoritetsspråklege elevar. Dei treng den ekstra tida til å avkode spørsmålet, tenke over det og formulere eit svar.
I tillegg er det ofte tryggare å snakke med ein medelev enn å svare framfor heile klassen. Og når eleven først har fått snakka litt, og kanskje fått bekrefting eller ei justering på det faglege svaret sitt frå ein medelev, så er det òg lettare å rekke opp handa og delta i full klasse. Så gjer det gjerne til ein vane å la elevane få snakke saman i lita gruppe eller to og to før faglege spørsmål blir stilte i felles klasse.
Samtale i ring (sokratisk samtale)
I ein sokratisk samtale sit elevane i ring. Dei kan ha førebudd seg på eit fagleg tema. Så skal alle elevane passe på at kvar elev får sagt minst to ting kvar. Elevane har ansvar for å invitere kvarandre inn i samtalen med å seie setningar som: "Anna, kan du gi eit par døme på kva som er viktig å tenke på når du skal på eit jobbintervju?" eller "Kva er det som kjenneteiknar ein cv, Peter?"
I denne typen samtalar i ring øver elevane både på å vere munnleg aktive sjølv, men òg det å la andre sleppe til orde og å lytte. Av og til treng kanskje elevane å ha med eigne notat som støtte. Du kan lese meir om sokratisk samtale i fagartikkelen "Sokratisk seminar".
Samtale i ring eignar seg òg godt til litterære samtalar. Det kan vere alt frå å snakke saman om bøker dei les, eller litterære samtalar der lærar har bestemt kva for fagomgrep elevane skal innom i løpet av den litterære samtalen. Døme på spørsmål er: "Kan du, Maya fortelje litt om handlinga i boka du les, og kva du synest om ho?" eller "Kva tenker du er temaet i romanen Og, Peter?"
Å sitje tettare saman og møte blikka til kvarandre gir ofte ein meir levande samtale enn når elevane sit ved kvar sin pult. Det er avgrensingar på kor stor ringen kan vere, men ein ring med 10–15 elevar fungerer fint. Når språkferdigheitene spriker mykje, vil det ofte fungere betre med mindre grupper. Då får alle høve til å uttrykke seg slik at medelevane forstår det.
Ein ytre ring kan òg brukast til til dømes observasjon. Elevane i den ytre ringen får instruks om å observere til dømes kva for fagord som blir brukte, kor flinke elevane i inste ring er til å inkludere alle i samtalen eller liknande. Resultatet frå observasjonen blir teke med i ei felles munnleg oppsummering til slutt.
Alias
Alias er ein aktivitet der eleven skal forklare eit fagomgrep utan å bruke sjølve ordet. Det kan gjerne spelast i mindre grupper eller to og to. Lærar lagar kort med dei ulike fagomgrepa på. Korta kan òg vise bilete av ordet i tillegg. Lærar vel kven som skal starte. Eleven som startar, trekker eit omgrepskort som hen forklarer til dei andre på gruppa. Den som svarer rett, altså forstår kva fagomgrep det er medeleven forklarer, er nestemann som får trekke eit omgrepskort. Den som klarer å gjette omgrepet, får kortet. Kven får flest kort?

Kople fagomgrep og forklaring
Elevane går rundt i klasserommet for å kople lappar med fagomgrep med lappar med forklaring. Halvparten av elevane har eit fagomgrep på lappen sin, og den andre halvdelen har ei forklaring. Og så skal dei matche kvarandre to og to ved å gå rundt og snakke med kvarandre om det faglege innhaldet dei har på lappane sine. Etterpå kan para dele fagomgrepet og forklaringa med resten av klassen, gjerne med eigne ord.
Gå og snakk
Gå og snakk er ei øving der elevane diskuterer eit fagleg tema mens dei går ein tur, anten inne på skulen eller ute. Den eine eleven snakkar første halvdelen av turen, og så byter dei halvveges, slik at begge får snakke. Lærar bør gi tydelege rammer for tid, tema og stad. Etterpå kan para dele noko av det dei har diskutert med klassen.

Høgtlesing
Høgtlesing kan vere utfordrande for enkelte elevar, spesielt dei som ønsker å skjule lesenivået sitt for andre. Likevel er det verdifullt å øve på høgtlesing. Vurder om klassen er trygg nok til å lese høgt for kvarandre. Alternativt kan elevane lese høgt berre for deg, slik at du får eit betre innblikk i leseferdigheitene deira.
Ei effektiv øving er å la elevane lage lydopptak av ein kort tekst, gjerne med moglegheit til å etterlikne rett uttale. Du bør velje ein tekst som passar til kvar elev sitt nivå.
Du kan òg gi elevane i lekse å forklare fagomgrep på lydopptak. Ved å lytte til innspelte lydfiler sparer du tid samanlikna med høgtlesing i klasserommet, og du kan høyre på opptaka fleire gonger for å identifisere lydar som krev ekstra støtte. Til dømes kan eit lydopptak vise at eleven treng ekstra støtte frå lærar med uttaletrening av I og Y.
Kor mykje norsk snakkar eleven gjennom ein dag?
Det er nyttig med ei oversikt over kor mykje elevar med kort butid snakkar norsk gjennom ein dag. Nokre elevar med norsk som andrespråk snakkar mykje på førstespråket sitt, men tek ei nokså passiv rolle idet undervisningssituasjonen forventar at eleven skal snakke norsk. Ei eigenvurdering kan gi verdifull informasjon. Det er fint om du som lærar går gjennom eigenvurderinga munnleg saman med eleven. Her er forslag til kva du kan kartlegge:
I kva for situasjonar snakkar eleven norsk på skulen?
Kor mykje tid snakkar eleven norsk ein typisk skuledag?
I kva for situasjonar snakkar eleven norsk på fritida?
Kor mykje tid snakkar eleven norsk på fritida ein typisk dag?
I kva situasjonar snakkar eleven norsk i praksis på ein arbeidsplass?
Kor mykje tid snakkar eleven norsk i praksis på ein arbeidsplass?
Kva rolle har eleven i klassemiljøet?
Kva rolle har eleven i skulemiljøet?
Kva samanheng trur eleven det er mellom kor mykje hen snakkar norsk, og kor flink hen blir til å uttrykke seg på norsk?
Etter eigenvurderinga kan de saman lage ein plan for korleis eleven skal bli meir munnleg aktiv på norsk. Tett dialog, tryggleik og ulike munnlege øvingar kan vere ein god start på vegen til å få elevar med norsk som andrespråk meir munnleg aktive.
Relatert innhald
Kva er viktig å tenke på når du skal lære bort uttale? Tips til deg som er lærar.