Hopp til innhald
Nynorsk

Fag

Oppgåve
Video

Fleirspråklegheit, fordel eller ulempe?

Kva er fleirspråklegheit, og kva fordelar og ulemper har unge som snakkar fleire språk til dagleg?

Oppgåve 1. Lær nokre faguttrykk

Les fagstoffsida om fleirspråklegheit på NDLA og finn svara på spørsmåla nedanfor:

  1. Kva vil det seie at ein stat er fleirspråkleg? Forklar og gi døme.

  2. Kva for spesielle språklege ferdigheiter har ein fleirspråkleg person?

  3. Kva er kodeveksling?

  4. Forklar omgrepet globalisering, og gi nokre konkrete døme på globalisering.

  5. Korleis bidreg globaliseringa til at stadig fleire menneske blir fleirspråklege?

  6. Kva er anglifisering? Og kva er årsaka til at mange språk i verda har blitt og blir anglifiserte?

Oppgåve 2. Fleirspråklegheit – fordel eller ulempe?

Sjå filmen om fleirspråklegheit (lengde 4:41).

Mange barn veks opp i fleirspråklege familiar. I denne videoen får du møte to av dei, og forskar Sunil Luuna. Video: Dialektxperten, NRK / CC BY-NC-ND 4.0

Svar på spørsmåla:

  1. Forskar Sunil Luuna bruker omgrepet "kognitiv utvikling" i denne videoen. Kva slags utvikling hos barnet er det han siktar til?
  2. Nemn nokre av synspunkta som Luuna kjem med.
  3. Når bruker fleirspråklege barn dei ulike språka dei lærer?
  4. Blir dei nødvendigvis like flinke i begge språka?

Oppgåve 3. Lytt til samtalen

  1. Sjå samtalen i filmen nedanfor mellom professor Bente Ailin Svendsen og unge med fleirspråkleg bakgrunn (lengde 10:35).

  2. Kva synspunkt kjem fram i dialogen på det å vere fleirspråkleg? Noter ned viktige stikkord, og bruk desse som bakgrunnskunnskap i neste oppgåve.

  3. Intervju ein fleirspråkleg. Spørsmål du kan stille er:

    • Kva for språk snakkar du?
    • I kva for situasjonar bruker du desse språka?
    • Kva for eit av språka opplever du som "morsmålet", "førstespråket" eller "hjartespråket" ditt?
    • Kva er problematisk når du må bruke meir enn eitt språk i kvardagen?
    • Kva er fordelen ved å vere fleirspråkleg?

Skriv ut intervjuet og del det med resten av klassen i ei felles veggavis.

Ein samtale om språk og identitet. Video: Applaus! Film & TV / CC BY-ND 4.0

Relatert innhald

Skrive av Marion Federl og Ragna Marie Tørdal.
Sist oppdatert 07.01.2026