Hopp til innhald
Nynorsk

Fag

Fagstoff
Video

Språkleg mangfald på arbeidsplassen

Mangfald handlar om at det finst mykje ulikt på éin stad. Det er variert og spennande. Språkleg mangfald kan likevel skape utfordringar, spesielt viss vi misforstår kvarandre på ein arbeidsplass. Kva kan vi gjere for å unngå det?

Språkleg mangfald

Språkleg mangfald har vi når vi møter menneske som snakkar og skriv på ulike måtar. Dei kan ha forskjellige førstespråk – eller morsmål – som det òg blir kalla. Dei kan snakke ulike dialektar, eller bruke eigne ord og uttrykk som viser at dei tilhøyrer ei .

I tillegg vil det på ein arbeidsplass vere eit eige fagspråk. Det er ord og uttrykk som tilhøyrer akkurat det faget og dei yrka du møter der. På eit legekontor bruker dei til dømes ord og uttrykk som du ikkje møter på ein bilverkstad – og motsett.

Fordelar med språkleg mangfald

Språket viser på mange måtar kven vi er. Derfor vil vi gjerne bruke det språket vi kjenner er "vårt", samtidig som vi ønsker at andre skal forstå oss. Ofte tilpassar vi språket til dei vi møter.

Når vi møter fleire ulike språk, dialektar, ord og måtar å uttrykke seg på, lærer vi meir. Vi får for det første eit betre ordforråd. For det andre lærer vi antakeleg meir om kven folk er, om kva dei er opptekne av, og vi får kunnskap om kulturen dei tilhøyrer. Vi blir meir når vi veit meir om kvarandre.

Tenk over

Kva er det med orda du bruker, og måten du snakkar på, som viser kven du er?

Det er ganske mange i Noreg som bruker eit minoritetsspråk i tillegg til norsk. Vi reknar med at det blir snakka minst 150 ulike språk her i landet. Det betyr at når du møter menneske i jobben din, er det stor sjanse for at dei kan fleire språk. Då er det ein fordel at også du kan kommunisere på andre språk enn norsk. Kanskje treffer du personar som kan same språket som deg? Dei fleste blir glade for å få lov til å forklare og be om hjelp på førstespråket sitt.

Erfaringa di med å ha norsk som andrespråk er òg nyttig. Du veit at du av og til må forklare litt ekstra og på fleire måtar, og at det er lurt å vise og bruke døme.

Utfordringar ved språkleg mangfald

Sjølv om vi som oftast gjer mykje for å forstå og bli forstått, kan vi likevel misforstå kvarandre når det språket vi snakkar, er for ulikt språket til den vi snakkar med. Det kan til dømes vere dialektord som skil seg så mykje frå vanleg norsk, at du rett og slett ikkje forstår kva den andre seier. Legen kan bruke fagord som du aldri har høyrt før. Kollegaen din blandar kanskje inn så mange ord frå førstespråket sitt, at det ikkje gir meining.

I mange situasjonar går det heilt fint at vi ikkje forstår alt. Vi skjønner kanskje ut frå samanhengen kva den andre seier, godt hjelpt av kroppsspråket. Men det kan òg oppstå situasjonar der misforståingar gjer at noko går heilt gale. For kva kan skje viss du misforstår kva ein kunde vil ha reparert, eller kvar ein pasient seier hen har vondt? Viss misforståinga fører til at du gjer feil, må din i beste fall betale pengar for å rette opp i feilen. I verste fall kan feilen føre til at nokon mister livet.

Språklege misforståingar og humor

Ofte er misforståingar berre litt morosamt. I dette klippet (lengde 1:16) fortel Christian Mikkelsen om ein gong han misforstod ein drosjesjåfør som snakka dialekt:

Tenk over

Har du opplevd, eller høyrt om, liknande situasjonar der språklege misforståingar anten har blitt morosame eller gitt store ?

Korleis møte språkleg mangfald?

Det viktigaste du kan gjere, er å vere nysgjerrig på andre sitt språk. Prøv å forstå kva dei du kommuniserer med, meiner. Spør dei viss du er usikker på om du har forstått korrekt.

Munnleg kommunikasjon

I munnleg kommunikasjon kan du bruke kroppsspråk til å støtte deg på, og du kan oppdage misforståingar ganske raskt og følge dei opp med spørsmål. Eit godt råd er å vise interesse og spørje med eit smil. Vi kan seie at vi samarbeider og om meining når vi snakkar saman. Vi byter på å snakke, lytte og spørje.

Du kan sjølv passe på at andre forstår det du seier ved å legge merke til korleis dei reagerer. Sjølv om du ikkje ser eit spørsmålsteikn i panna deira, vil du ofte kunne sjå på ansiktet deira om dei forstår eller ikkje. Er det viktig informasjon du vil dei skal få med seg, er det uansett lurt å spørje om dei har forstått. Det er ikkje så uvanleg at vi nikkar og seier ja sjølv om vi ikkje har forstått alt. For å bli heilt sikker, må du stille den du snakkar med kontrollspørsmål. Slik kan du sjekke at hen faktisk har forstått.

Skriftleg kommunikasjon

Skriftleg kommunikasjon går mykje saktare enn munnleg kommunikasjon, spesielt viss det er kommunikasjon i form av brev eller e-post. Det kan ta fleire dagar å få svar, og helst bør det ikkje vere så mykje som kan misforståast i teksten. Så i skriftleg kommunikasjon må du tenke endå meir på kven som er , og tilpasse språket. Kor godt forstår personen norsk? Er det ord som kan vere vanskelege å forstå, og som du må forklare?

Fordelen med skriftleg kommunikasjon er at du kan be andre lese gjennom det du har skrive før du sender det frå deg. Dette er det spesielt lurt å gjere viss du skal skrive om noko du er usikker på, eller om du er i tvil om kor formell teksten din skal vere. Ein annan grunn kan vere at nokon sjekkar at du har skrive korrekt norsk.

Relatert innhald

Skrive av Marthe Johanne Moe.
Sist oppdatert 15.05.2024