Hopp til innhald
Nynorsk

Fag

Oppgåve

Rasisme i Eg snakkar om det heile tida

Eg snakkar om det heile tida er ei bok om Camara Lundestad Joofs liv. Ho fortel om korleis det er å bli sett på som annleis. Camara Lundestad Joof er fødd og oppvaksen i Noreg, men far hennar er frå Gambia. Boka handlar om rasisme og å kjenne seg utanfor.

I eit intervju med NRK sa Camara Lundestad Joof dette om boka Eg snakkar om det heile tida:

– Boken handler om å være født her, være norsk, men brun – men likevel ikke alltid få den norske identiteten sin. Om hvordan man .

– Har du blitt utsatt for mye av det?

– Jeg har blitt banket opp av i Sandefjord da jeg var 14 år gammel, og da jeg var seks år ble jeg slått med paraply fordi en dame ikke mente at jeg fortjente å gå med .

Likevel hun at det er de små kommentarene som .

– Det er sånn som å bli mistenkt for å av medpassasjerer, når du har billett til på toget. Eller å bli for å være uten videre i Oslo. (NRK, 2018)

Før du les

Sit saman i grupper og diskuter:

  1. Har de opplevd eller sett døme på diskriminering på grunn av ?

  2. Viss ja – korleis kjendest det? Kva gjorde de?

  3. Viss dette hadde skjedd ein gong til, ville de ha gjort noko annleis?

Oppgåve 1. Utdraget "Å slutte"

Les det første utdraget frå Eg snakkar om det heile tida.

Snakk saman i grupper:

  1. Fortel att det de nettopp las.

  2. Lundestad Joof seier ho synest det er vanskeleg å snakke om rasisme. Forstår de kvifor?

  3. Korleis reagerer de på hendinga i taxien, som Lundestad Joof fortel om?

  4. Kjenner de dykk sjølv igjen i noko av det som blir fortalt?

Oppgåve 2. Utdraget "Bunad 1"

Les historia om då eg-personen hadde på seg bunaden for første gong på 17. mai.

  1. Fortel att til kvarandre det de nettopp las.

  2. Korleis reagerer de på historia om då Lundestad Joof blei angripen av ei gammal dame då ho var seks år?

  3. I utdraget står det at Lundestad Joof alltid seier at mormora redda henne når ho fortel historia til andre. Men i verkelegheita var det ikkje sånn. Forstår de kvifor ho ikkje fortel sanninga?

Oppgåve 3. Utdraget "Å reise med fly" og "Å reise med tog"

Les dei to korte tekstane "Å reise med fly" og "Å reise med tog". Diskuter i grupper:

  1. Kva for kjensler gir tekstane i dykk?

  2. Korleis ville de ha reagert om de opplevde det same?

Oppgåve 4. Skriv om Eg snakkar om det heile tida

Skriv ein tekst der du over det du har lese. Du vel sjølv kva du vil skrive mest om. Her er nokre spørsmål som kan hjelpe deg:

  • Korleis reagerte du på utdraga frå Eg snakkar om det heile tida?

  • Har du sjølv opplevd eller sett rasisme, eller sjølv utsett andre for det?

  • Korleis kan det å bli sett på som annleis berre fordi ein ikkje ser ut som , få folk til å kjenne seg, trur du?

Skrive av Åsa Abusland.
Sist oppdatert 25.02.2025