Hopp til innhald
Nynorsk
Oppgåve

Eit sterkare vi?

Ser du folk som liknar på deg på tv, i aviser og på sosiale medium? Forfattar og tv-produsent Nora Ibrahim har skrive ein tekst om kor viktig det er å sjå nokon du kan kjenne deg igjen i og ha som førebilete. Er du einig i det?

Del 1: Kven er førebileta dine?

Eit førebilete er ein person du liker godt, og som du ser opp til. Kanskje ønsker du å vere litt som den personen. Det kan til dømes vere nokon du ser i sosiale medium eller høyrer på i podkastar. Men det kan òg vere andre, som venner, ein i familien eller andre du møter i kvardagen.

  1. Tenk først for deg sjølv og skriv ned svar som stikkord:

    1. Kva for personar er førebileta dine? Vel deg ut éin eller to personar.

    2. Kva er det du liker så godt med desse personane?

    3. Lar du deg påverke av førebileta dine? Grunngi svaret ditt.

    4. Viss du ikkje har førebilete, forklar kvifor.

  2. Del det du har skrive med ein annan elev og diskuter:

    1. Kva er den viktigaste årsaka til vala dykkar av førebilete? Er det noko personane gjer eller seier, korleis dei ser ut – eller noko heilt anna?

    2. Kor viktig er det at førebileta er nokon som liknar dykk på ein eller annan måte – at dei er nokon de kan kjenne dykk igjen i?

    3. Kor mange "" i Noreg med fleirkulturell bakgrunn kjenner de til?

      • Kva er dei kjende for?

      • Er dei førebilete, meiner de?

Del 2: Les teksten "Et sterkere vi"

Nora Ibrahim skreiv teksten "Et sterkere vi" til boka Third Culture Kids: Å vokse opp mellom kulturer. Boka kom ut i 2019.

  1. Jobb saman i par og les teksten saman. Byt på å lese. Stopp etter kvart avsnitt og fortel med eigne ord kva Nora Ibrahim skriv om.

    Bruk gjerne desse setningstartarane som hjelp:

    • Avsnittet handlar om ...

    • Før syntest Nora Ibrahim at ...

    • Men no synest ho at ...

    • Ho synest dette er viktig fordi ...

    • Ho har laga tv-serien fordi ...

  2. Kvifor har ho kalla teksten "Et sterkere vi", trur de?

Nokre viktige omgrep

mangfald
at mange ulike menneske er med i ein fellesskap
representasjon
å vise ulike folk i media
minoritetsbakgrunn
annan bakgrunn enn norsk
tryggleik
kjenne seg sikker og roleg
førebilete
ein person du ser opp til
a kjenne seg igjen
å føle at noko liknar din eigen situasjon

Del 3: Sjå ein episode av 17 på NRK

Til lærar

Fordel gjerne episodane mellom elevane, slik at heile gruppa til saman har sett dei fire episodane.

Nora Ibrahim laga tv-serien 17 for at ungdom med fleirkulturell bakgrunn skulle sjå nokon som likna på seg sjølv på tv. Seinare laga ho fleire sesongar med titlane 16, 18 og 19.

Du møter fire ulike hovudpersonar som høyrer til i bydelen Stovner i Oslo:

Sesong 1, episode 1 (lengde 12 min): Hovudpersonen er Abdi (somalisk bakgrunn).

Sesong 2, episode 1 (lengde 14 min): Hovudpersonen er Emrah (tyrkisk bakgrunn).

Sesong 3, episode 1 (lengde 18 min): Hovudpersonen er Ibo (tyrkisk bakgrunn).

Sesong 4, episode 1 (lengde 18 min): Hovudpersonen er Aisha (irakisk bakgrunn).

Gjer dette

Gå saman i par og vel ut to av episodane som de ser saman. Skriv ned svar på desse spørsmåla til kvar episode:

  1. Kva inntrykk får de av hovudpersonen? Skriv ned positive og negative sider.

  2. Kvar kjem familien til hovudpersonen frå?

  3. Kven er vennene?

  4. Kva legg du merke til i måten dei snakkar til kvarandre på? Snakkar dei norsk? Andre språk?

  5. Hovudpersonen er i konflikt med éin eller fleire personar. Beskriv kva konfliktane handlar om.

  6. Kjenner de dykk igjen i hovudpersonen, i vennegjengen, i familien eller i miljøet er ein del av? Forklar.

  7. Er hovudpersonane førebilete? Grunngi svaret.

Del 4: Diskuter serien

Tv-serien har blitt kritisert fordi han berre viser ungdom som har store problem, med familien, skulen, narkotika og kriminalitet. Kritikarane seier serien forsterkar det negative biletet nokon har av innvandrarar.

Diskuter i klassen:

  1. Synest de tv-serien viser ungdommar som liknar dykk?

  2. Var det noko de likte med tv-serien? Var det noko de ikkje likte? Forklar til kvarandre.

  3. Korleis ville de ha laga ein ny sesong i serien? Kven skulle han handla om?

Del 5: Skriv ein tekst

Gå saman i par og vel ei av dei to oppgåvene under:

  1. Skriv eit brev til forfattar og produsent Nora Ibrahim og fortel kva de meiner om tv -serien 17 og teksten "Et sterkere vi". Dette er gode tips:

    • Skriv høfleg!

    • Start med å skrive noko positivt.

    • Skriv så om noko de er ueinige i (viss de er det).

    • Deretter skriv de forslag til kva som kunne vore annleis.

    • Avslutt høfleg og skriv under med namna dykkar.

  2. Skriv eit forslag til ein ny sesong av tv-serien 17 der ein som liknar dykk, er hovudpersonen.

    • Beskriv hovudpersonen, vennene og familien.

    • Kva er hovudpersonen god til?

    • Kva for konfliktar eller problem har hovudpersonen?

    NB! Det som skjer, må vere realistisk, noko som kunne ha skjedd. Men det treng ikkje å vere sant. De kan bruke eigne og andre sine erfaringar som utgangspunkt.

Del 6: Diskuter Nora Ibrahims prosjekt

Diskuter først i par og noter ned stikkord. Fortel så resten av klassen kva de har snakka om:

  • Synest de Nora Ibrahim har fått til det ho skriv om i "Et sterkere vi" då ho laga tv-serien? Klarer ho å vise fram menneske de kan kjenne dykk igjen i og ha som førebilete? Grunngi svaret!

Skrive av Marthe Johanne Moe.
Sist oppdatert 22.06.2025