Hopp til innhald
Nynorsk
Oppgåve
Interaktivt innhald

Bizen, Obstfelder og Munch

Dette er det andre trinnet i ein læringssti. For å komme til det første trinnet går du til oppgåva "Utanforskap hos Obstfelder og Bizen".

Del 1: Edvard Munch og Obstfelder

Edvard Munch var ein norsk målar som levde samtidig som diktaren Sigbjørn Obstfelder. Dei to var gode venner, og mange meiner at Munchs måleri og Obstfelders dikt ofte handlar om det same.

A. Sjå på Munchs bilete

  1. Sjå gjennom måleria til Munch i biletserien under.

  2. Vel eit av bileta som du synest handlar om det same som diktet "Eg ser". Diktet finn du i det første trinnet av denne læringsstien.

B. Diskuter i grupper

Gå saman i grupper. Vis kvarandre biletet de har valt, og forklar kvarandre kvifor de meiner dette biletet liknar på diktet "Eg ser" av Sigbjørn Obstfelder.

Del 2: Edvard Munch og Haile Bizen

Haile Bizen – mannen som skreiv diktet "Folkebibliotek" som de las i trinn 1 av læringsstien – har skrive eit dikt som handlar om eit eg som ser på Edvard Munchs Skrik. Måleriet finn de først i biletserien over.

To skrik

står jeg ansikt til ansikt
med skriket til
en eldre bror jeg endelig har funnet

Jeg som ble fødd og på krigens
mens landets støtter knakk, meg til
Svarer ikke med mitt eget rop, han har vel nok med sitt

men i tankene jeg løs
og bytter den ut med skriket i meg
Da rykker maleriet til og
(Bizen, 2023, s. 39)

Gå saman i par og diskuter desse spørsmåla:

  1. Det første avsnittet handlar om eit eg som ser på måleriet Skrik. Kva trur de det betyr når eget seier "en eldre bror jeg endeleg har funnet"?

  2. I det andre avsnittet fortel eget at det har vakse opp i eit land med krig, og at det derfor no lever i . Kva trur de det betyr når eget seier: "Svarer ikke med mitt eget rop, han har vel nok med sitt".

  3. Diskuter det siste avsnittet i diktet. Korleis de dette?

  4. Skriv det de meiner er temaet i diktet.

  5. Samanlikn det de har skrive med svara til resten av klassen.

Del 3: Obstfelder, Bizen og Munch

Ha desse tekstane framfor deg:

  • diktet "Folkebibliotek" av Haile Bizen

  • diktet "Eg ser" av Sigbjørn Obstfelder

  • diktet "To skrik" av Haile Bizen

  • måleriet Skrik av Edvard Munch

  • måleriet av Munch du valde som du syntest minte om Obstfelders dikt "Eg ser"

  1. Skriv ein tekst på 100–300 ord der du skriv om det du synest er likskapar mellom alle tekstane. Du kan bruke desse setningsstartarane:

    • Alle tekstane handlar om ...

    • Ein viktig likskap mellom diktet "Folkebibliotek" og "Eg ser" er at ...

    • Måleriet ... liknar på "Eg ser" fordi ...

    • Ein annan viktig likskap mellom tekstane er at ...

    • Dessutan handlar både dikta ... og måleriet ... om ...

    • Når eg ser på biletet, ... legg eg merke til at ...

  2. Les teksten din høgt i grupper eller framfor klassen.

Skrive av Åsa Abusland.
Sist oppdatert 27.06.2025