Kor mykje tid bruker du framfor skjerm?

Dette lærer du
I denne oppgåva skal du lære korleis du kan undersøke faktum gjennom ei undersøking og bruke det du finn, til å argumentere for synet ditt i ein kort tekst.
Oppgåve
I denne oppgåva skal de ta utgangspunkt i ein påstand de sikkert har høyrt før, og undersøke han: Ungdom bruker for mykje tid framfor skjerm. Når de har fått meir kunnskap om temaet, skal de skrive ein kort argumenterande tekst om ungdommar og skjermbruk.
Del 1: Kvar trur de?
Diskuter i par:
Kor mykje tid framfor skjerm er "for mykje"?
Kor mange timar i døgnet bruker de framfor ein skjerm?
Kva slags skjermar bruker de, og kva bruker de dei til?
Bruker de fleire eller færre timar framfor skjermen enn andre de kjenner på same alder?
Del 2: Undersøk faktum
Lag ei undersøking for gruppa eller klassen:
Alle skal skrive logg over timane dei bruker på skjerm i løpet av eit døgn.
Bli einige om i kor mange dagar de skal føre logg. Jo fleire dagar med loggføring, jo meir nøyaktige faktum får de. Det er som regel forskjell på skjermtida frå dag til dag.
Lag eit skjema eller bruk forslaget vårt:
- Logg over skjermbruk(DOCX)
Del 3: Kva seier undersøkinga?
Samle inn alle loggane og rekn saman tala:
Kor mange timar bruker kvar elev på dei ulike skjermane per døgn? Rekn ut gjennomsnittet.
Kor mange timar bruker kvar elev på skjerm totalt per døgn? Rekn ut gjennomsnittet.
Kva er gjennomsnittet for klassen?
Kva bruker de skjerm til? Skriv opp dei ulike aktivitetane på tavla, og ta med kor mange som gjer det same.
Del aktivitetane inn i kategoriar, som "underhaldning" og "skule".
Kva kategori bruker de mest tid på?
Vis fram tala frå undersøkinga med diagram.
No har de samla mykje informasjon om skjermbruk. Diskuter i gruppa/klassen:
Kva viser tala om skjermbruk? Samanfatt det som faktasetningar.
Er de einige i påstanden "Ungdom bruker for mykje tid framfor skjerm"? Skriv ned argument for eller imot påstanden på tavla.
Del 4: Skriv ein argumenterande tekst
Bestem deg for om du synest påstanden om at ungdom bruker for mykje tid framfor skjerm er rett eller ikkje. Skriv ein kort tekst der du bruker open argumentasjon og viser til tal i undersøkinga som støttar det du meiner.
Du kan bruke nokre av desse setningsstartarane som hjelp:
Eg meiner at påstanden om at ungdom bruker for mykje tid framfor skjerm er ...
I ei undersøking gjort blant (tal) elevar på (skulenamn) kom det fram at ...
Eg meiner tala viser at ...
Elevane brukte mest tid på (type skjerm). Dei brukte tida framfor skjermen på å ....
Desse tala er eit bevis på at ...
Forslaget mitt er ...