Analyser ein reklamefilm
Oppgåve
Del 1: Kven, kva og kvifor?
Kven er avsendar av filmen?
Kva er formålet med filmen?
- Kva er produktet eller produkta som skal seljast?
- Kven er målgruppa for filmen?
- Finn informasjon om avsendaren (lerum.no) på Internett. Kva produserer bedrifta? Kvar held ho til?
Del 2: Handlinga i filmen
Kva skjer i filmen? Beskriv kort dei ulike scenane.
- Kva slags inntrykk får vi av staden, menneska og av livet i "saftbygda"?
- Kva blir ikkje vist, trur du?
- Er det verkelegheit eller fiksjon vi får sjå her?
Del 3: Forteljaren i filmen
- Kven er forteljaren i filmen? Si noko om kva slags person du trur det er.
- Kvar kjem forteljaren frå? Klarer du å høyre kva slags dialekt ho bruker?
- Kvifor er nettopp denne personen vald til forteljar, trur du?
Del 4: Produktets "personlegdom"
Kva eigenskapar og verdiar vil produsentane at du skal tenke på når du ser Lerum-merket?
Er dette verdiar du/de er opptekne av?
Del 5: Etos, logos og patos
Sjå animasjonen under om dei tre appellformene etos, logos og patos (lengde 06:55).
Kva for nokon av dei tre appellformene bruker avsendaren mest i reklamefilmen?
det å bygge opp truverdet sitt (etos)
det å appellere til kjenslene (patos)
det å gi saksinformasjon (logos)?
Forklar korleis sendaren bruker desse verkemidla for å bygge opp truverd, vekke kjensler og/eller informere:
val av scenar og miljø i filmen
forteljarstemme
humor
musikk
andre verkemiddel?
Del 6: Vurder filmen
Synest du/de reklamefilmen er god? Gir filmen deg lyst til å prøve produkta deira? Grunngi svaret!