Demoforsøk: Raud og blå klut - Naturfag (SF) - NDLA

Hopp til innhald
Forsøk

Demoforsøk: Raud og blå klut

Prøv deg på tøyfarging der tøyet blir både raudt og blått.

Utstyr

  • 10 g jern(II)klorid, FeCl2
  • 2,5 g kaliumtiocyanat, KSCN
  • 5 g kaliumferrocyanid, KFeCN
  • 3 begerglas, 250 mL
  • klut

Framgangsmåte

  1. Legg kvart av salta i eigne begerglas.
  2. Tilset 100 mL destillert vatn til kvart begerglas.
  3. Fukt ein klut i jern(II)klorid-løysinga.
  4. Dypp så kluten i dei to andre løysingane etter tur.
  5. Restar kan tømmast ut i vasken og skyljast ned med vatn.

Dette er ein kjempefin demonstrasjon som kan gjerast nær sagt kor som helst, når som helst. Gir ein veldig fin wow-reaksjon, spesielt hvis elevane får gjere han sjølve.

Skrive av Bjørn Eidem.
Sist fagleg oppdatert 19.02.2019