Demoforsøk: Magisk egg - Naturfag (SF) - NDLA

Hopp til innhald
Forsøk

Demoforsøk: Magisk egg

Få magiske egg til å sveve og bevege seg opp og ned i ei løysing.

Utstyr

  • to store sylindrar med plass til eit egg (store målesylindar kan fungere)
  • to egg
  • 400 g natriumklorid, NaCl (mengda kan tilpassast storleiken på sylinderen)
  • 40 mL 6 mol/L saltsyre, HCl

Framgangsmåte

  1. Tilset saltet til den eine sylinderen.
  2. Under røring, tilset vatn til sylinderen er omtrent 1/4 full. Du har no laga ei metta salt-løysing.
  3. Tilset forsiktig vatn langs sida av sylinderen til han er nesten full.
  4. Tilset vatn til den andre sylinderen til han er omtrent 1/4 full.
  5. Tilset saltsyra, og tilset deretter
    vatn til sylinderen er nesten full.
  6. Legg eit egg i kvar sylinder.
    1. I den første sylinderen vil egget synke til det treff den metta saltløysinga, og så stoppe.
    2. I den andre sylinderen vil egget synke til botnen, før det byrjar å stige igjen som ei følgje av CO2som blir danna på skalet. Når alt skalet er borte vil egget synke til botnen.
  7. Restar kan tømmast ut i vasken og skyljast ned med vatn

Dette er ein fin demonstrasjon av tettleik i væsker og danning av gassar.

Skrive av Bjørn Eidem.
Sist fagleg oppdatert 20.02.2019