Hopp til innhald
Nynorsk

Fag

Oppgåve
Video

Demoforsøk: Vasseksplosjon

I dette spektakulære forsøket får vi sjå kva som skjer når metallet natrium kjem i kontakt med vatn. Forsøket krev god sikkerheit og skal berre bli utført av lærar.

Film som viser demoforsøket "Vasseksplosjon" (0:50)

Filmen er utan tale og viser i sakte film effekten av forsøket under. Ein liten bit natriummetall ligg i ei glasskål med vatn. Det spruter og gnistrar litt rundt han før han tek fyr. Den brenn litt før han eksploderer og det spruter gneistar langt ut av skåla. Små flammar flyt på vatnet. Gneistar rullar rundt skåla og lagar svarte striper på underlaget.

Video: Geir Solgaard, Tom Knudsen / CC BY-ND 4.0

Utstyr

  • vernebriller og hanskar (for lærar)

  • skjerm for å verne elevane (glas eller pleksiglas)

  • varmebestandig glasbolle eller eldfast skål

  • vatn (cirka 500 ml)

  • ein liten bit natrium (maks på storleik med ei ert)

  • pinsett eller skei til å handtere natrium

  • kniv til å skjere av ein bit natrium

Sikkerheit

  • Berre lærer utfører forsøket.

  • Bruk vernebriller og hanskar.

  • Hald god avstand – elevane skal sitje minst to meter unna.

  • Utfør forsøket bak sikkerheitsskjerm, gjerne i avtrekksskap.

  • Bruk små mengder natrium.

  • Ha brannsløkkingsapparat og brannteppe tilgjengeleg.

Framgangsmåte

  1. Fyll ein varmebestandig glasbolle med ca. 500 ml vatn.

  2. Bruk pinsett til å ta ut ein liten bit natrium frå parafinolja.

  3. Tørk forsiktig av overflødig olje med papir (unngå fukt).

  4. Slepp natriumbiten varsamt ned i vatnet – ikkje kast han.

  5. Observer kva som skjer.

Fagleg forklaring

Natrium (Na) er eit grunnstoff i gruppe 1 i periodesystemet, òg kalla alkalimetall. Desse metalla har eit elektron i ytste skal, og dei gir det lett frå seg i kjemiske reaksjonar. Når natrium blir lagt i vatn, reagerer det raskt med vassmolekyla og dannar natriumhydroksid (NaOH) og hydrogengass (H2). Reaksjonen frigjer samtidig mykje varme – han er sterkt eksoterm.

Hydrogengassen som blir danna, er svært brennbar, og varmen frå reaksjonen er nok til å setje fyr på gassen. Derfor ser vi ofte flammar eller små eksplosjonar. Løysninga som blir danna etter reaksjonen, er basisk. Dette kan vi vise ved å tilsetje ein syre-base-indikator som fenolftalein, som blir rosa i basiske løysningar.

Skrive av Geir Solgaard og Thomas Bedin.
Sist oppdatert 25.03.2025