Hopp til innhald
Nynorsk

Fag

Oppgåve
Video

Demoforsøk: Nordlys in a bottle

Lag ditt eige "nordlys" ved hjelp av ein enkel kjemisk reaksjon mellom metanol, svovelsyre og borsyre. Denne demonstrasjonen viser korleis enkelte grunnstoff kan gi lys med karakteristiske fargar – akkurat som i nordlyset.

Film som viser demoforsøket "Nordlys in a bottle" (0:34)

Filmen er utan tale og viser i sakte film effekten av forsøket under. Eit blått lys oppstår i mørket og spreier seg nedover i ei stor plastflaske. Ein lang tennar blir fjerna i bakgrunnen. Flammane går over i grønfargar i ei bølgande rørsle inne i flaska.

Video: Geir Solgaard, Tom Knudsen / CC BY-ND 4.0

Utstyr

Sikkerheit

  • Bruk vernebriller og labfrakk.

  • Utfør forsøket i avtrekk eller utandørs.

  • Metanol er svært brannfarleg, og svovelsyre er etsande.

  • Ha brannsløkkingsutstyr i nærleiken.

Framgangsmåte

Gjer klar blandinga

  1. Hell 48 mL metanol i begerglaset/plastflaska.

  2. Tilset 20 g borsyre og rør forsiktig til det er godt blanda.

  3. Tilset 10 dropar konsentrert svovelsyre forsiktig. Blandinga vil framleis sjå ganske roleg ut.

Tenn på

  1. Plasser begerglaset/plastflaska på ei brannsikker overflate.

  2. Tenn på blandinga med ei fyrstikke (ver forsiktig – bruk lang avstand eller tennstål med lang skaft).

Observer

Sjå korleis flammen får ein grønaktig farge – dette kjem av bor-sambindingane som sender ut lys i eit bestemt spekter, på same måte som nordlyset.

Fagleg forklaring

Når blandinga tek fyr, reagerer metanolen med oksygen og brenn. Borsyra blir varmeaktivert og dannar boroksid som gir flammen ein intenst grøn farge – eit fenomen kjent frå mellom anna fyrverkeri og flammeprøver. Dette illustrerer korleis atom og molekyl sender ut lys med bestemde bølgelengder, på same måte som i nordlyset der ladde partiklar kolliderer med gassar i atmosfæren.

Skrive av Geir Solgaard og Thomas Bedin.
Sist oppdatert 24.03.2025