Demoforsøk: Noko kaliumgreier
Film som viser demoforsøket "Noko kaliumgreier" (0:39)
Filmen er utan tale og viser effekten av forsøket under. Ein person med plasthanskar heller ei gjennomsiktig væske i ei skål, og det tek til å ryke veldig. Plutseleg oppstår det òg flammar som står høgt over skåla. Eit svart, fast stoff spruter ut i botnen av skåla, og det sprett gneistar rundt. Det ryk frå gneistane slik at det blir trådar av røyk i lufta i tillegg til den tjukke røyken.
Utstyr
kaliumpermanganat (Sikkerheitsdatablad for kaliuimpermanganat)
glyserol (Sikkerheitsdatablad for glyserol)
keramisk skål
Sikkerheit
Bruk alltid vernebriller, hanskar og labfrakk.
Utfør forsøket i avtrekk.
Framgangsmåte
Ha ei lita mengde kaliumpermanganat i den keramiske skåla (cirka ei teskei).
Lag ei lita grop i midten av pulveret.
Tilset nokre dropar glyserol i gropa – ikkje rør!
Vent i 20–60 sekund. Etter litt tid vil ein kraftig reaksjon starte med varmeutvikling, rauk og lilla flammar.
La skåla kjøle seg ned før opprydding. Kast restane i samsvar med reglar for uorganisk avfall.
Fagleg forklaring
Kaliumpermanganat er eit kraftig oksidasjonsmiddel, mens glyserol er eit reduksjonsmiddel (eit organisk stoff med mykje energi). Når glyserolen kjem i kontakt med kaliumpermanganatet, startar ein redoksreaksjon der elektronoverføring frigjer ei stor mengde varme. Reaksjonen er sterkt eksoterm, og det blir mellom anna danna manganoksid (MnO2), vatn og røyk. Flammane og røyken kjem av reaksjonsprodukta og den intense energifrigjeringa.