Forsøk
Forsøk: Lysbryting (simulering)
I denne simuleringa kan du teste ut korleis lys oppfører seg når det går frå luft til vatn, eller gjennom glas, og mykje meir. Du kan òg måle inn- og utgangsvinkel, og sjå om fargen til lyset påverkar resultatet.
Simuleringa gir mellom anna høve til å flytte lyskjelda, justere innfallsvinkel og endre mediet til vatn, luft eller glas. Teorien som ho bygger på, finn du på sidene Bølgefenomen, Lysbryting og Lydbølger.
- Kva kan du seie om innfallsvinkelen og refleksjonsvinkelen (det vil seie vinkelen til lysstrålen i forhold til den vertikale linja som kallast innfallsloddet)?
- Utforsk korleis intensiteten i den reflekterte strålen og den strålen som går ned i vatnet blir påverka av innfallsvinkelen. Kva fann du ut? Kvifor trur du det er sånn?
- Kva skjer med brytninga av strålen når du endrar det nedste materialet frå vatn til glas? Kvifor skjer dette?
- Endre innstillingane slik at du får vatn øvst og luft nedst. Kan du finne grenseverdien for innfallsvinkelen? Grenseverdien er den innfallsvinkelen som akkurat gjer at strålen ikkje lenger går ned i vatnet. Vinklar større enn denne gir totalrefleksjon.
- Test ulike glasprisme. Du kan òg bruke fleire prisme etter kvarandre. Endre fargeskalaen og noter kva lysfargar som blir mest brotne og minst.
- Undersøk deretter kva som skjer om du bruker kvitt lys. Stemmer det med korleis enkeltfargane oppfører seg?
- Her kan du mellom anna teste korleis lysfarten endrar seg i ulike materiale. c er lysfarten i tomt rom og luft. Kva fann du ut?
- Undersøk korleis lysfarten er for ulike fargar. Ser du nokon samanheng mellom dette og kor mykje lysstrålen blir broten?