Oppgave
Ein flik av røyndomen
Bileta i desse oppgåvene er henta frå Slottet si offisielle julefotografering i 2012. Dei bileta vi har valt, har ulike utsnitt.
Studer biletet ovanfor.
- Kva for biletutsnitt er brukt i dette biletet?
- Kva for personar er med på biletet?
- Kva for aktivitet er det som går føre seg?
- Kva fortel biletet om relasjonen mellom personane i biletet?
- Kva er bodskapen i biletet?
- Kva finst utanfor biletramma?
- Kva for biletutsnitt er brukt i dette biletet?
- Kva for ny informasjon gir dette biletutsnittet?
- Kva finst utanfor biletramma?
- Kva for biletutsnitt er brukt i dette biletet?
- Kva for personar er med på biletet?
- Kva fortel biletet om relasjonen mellom personane i biletet?
- Kven er avsendaren av dette biletet?
- Kva for bodskap ønskjer avsendaren å formidle?
- Kva finst utanfor biletramma?
Dei offisielle bileta frå julefotograferinga i 2012 er lagde ut på nettsida kongehuset.no: Julefotografering på Slottet
- Kva for biletutsnitt har kongehuset valt på si eiga nettside?
- Kva kan grunnen vere til at Slottet har valt nett desse biletutsnitta?