Hopp til innhald
Nynorsk

Fag

Oppgåve
Video

Demoforsøk: Svosj-flaske

I dette forsøket ser du ein rask og fargerik forbrenningsreaksjon når metanolgass blir sett fyr på i ei flaske. Forsøket gir ein imponerande "svosj"-effekt og viser korleis brennbare dampar og metallsalt kan brukast til å skape farga flammar.

Film som viser demoforsøket "Svosj-flaske" (0:42)

Filmen er utan tale og viser i sakte film effekten av forsøket under. Ei stor plastkanne blir vist både på avstand og på nært hald. Ho er fylt med brennbar gass som tek fyr, og flammar stig opp i spiralform inni flaska inntil ho er fylt av gule flammar som til slutt døyr ut.

Video: Geir Solgaard, Tom Knudsen / CC BY-ND 4.0

Utstyr

Sikkerheit

  • Rask påtenning kan gi flammeutslag ut av flaska – brannfare for hud, klede eller omgivnader.

  • Utfør forsøket i avtrekk.

  • Bruk små mengder alkohol.

Framgangsmåte

  1. Valfritt: Løys opp cirka ei halv teskei salt i cirka 50 mL metanol i eit begerglas og la det stå på ein magnetrører i cirka 10 minutt til mesteparten av saltet er løyst opp. Løysninga vil gi ein farga flamme.
  2. Overfør cirka 10–15 mL metanol til ein erlenmeyerkolbe.
  3. Rør/rist godt på kolben, slik at metanolen fordeler seg best mogleg.
  4. Tøm ut overflødig metanol. Kolben skal no vere metta med metanol-gass.
  5. Før ei fyrstikke til opninga av kolben (forsiktig med fingrane).
Skrive av Bjørn Eidem og Geir Solgaard.
Sist oppdatert 22.04.2025