Hopp til innhald
Nynorsk

Fag

Oppgåve
Podkast

Podkast om distribusjonsstrategiar

Her skal du lytte til ein podkast, jobbe med fagomgrep og drøfte distribusjonsstrategien til Urmaker Bjerke.

Lytt til podkasten Distribusjonsstrategiar

Start med å lytte til podkasten nedanfor (lengde 18:38).

Marknadsføring og leiing

Distribusjonsstrategiar

Visste du at du er omgitt av distribusjonsstrategiar kvar einaste dag? Til dømes at Nike Store har ein eigen butikk, mens Asics ikkje har det? Deira produkt får du berre kjøpt i eit “multibrand”- milj...

0:00
-0:00
Podkast: Moderne Media / CC BY-SA 4.0

Oppgåve 1

Del 1

Bruk podkasten som hjelp til å skrive eigne forklaringar av fagomgrepa i dokumentet under.

Del 2

Set deg saman med ein medelev.

  • Byt på å forklare fagomgrepa for kvarandre. Ver aktive lyttarar og diskuter dykk fram til ei felles forståing av omgrepa.

  • Drøft denne påstanden: "Utan ein god distribusjonsstrategi kan ikkje ei verksemd lykkast på sikt."

Oppgåve 2

I denne oppgåva skal du fordjupe deg i distribusjonsstrategien til Urmaker Bjerke.

Frå 11.05 i podkastepisoden høyrde du eit intervju med administrasjonsdirektør Joakim Bjerke som snakka om distribusjonsstrategien til Urmaker Bjerke. Det blei òg prata om makt og avhengnad i klokkebransjen.

Les om Urmaker Bjerke

Nettsida til Urmaker Bjerke

Urmaker Bjerke: Openheitslova

  1. Beskriv makt og avhengnad i verdikjeda til klokkebransjen.

  2. Beskriv og vurder distribusjonsstrategien til Urmaker Bjerke, og drøft korleis Urmaker Bjerke sin distribusjonsstrategi blir påverka av maktforholda i verdikjeda.

  3. Gjer greie for og vurder Urmaker Bjerke sine distribusjonsavgjerder knytte opp mot berekraft i verdikjeda og varsemdsvurderingar knytte til openheitslova. Tips: Fagartiklane "Berekraftige val" og "Openheitslova" kan vere til hjelp.

Skrive av Elisabeth Thoresen Olseng.
Sist oppdatert 26.02.2026