Utvikle ein distribusjonsstrategi
Sjå filmen Hvordan utvikle en distribusjonsstrategi?
Filmen nedanfor (lengde 6:08) forklarer trinna i å utvikle ein distribusjonsstrategi.
Oppgåve 1
Kva meiner vi med ein distribusjonsstrategi?
Kva forarbeid bør vi gjere før vi startar arbeidet med å utvikle ein distribusjonsstrategi?
Kva for strategiske val må vi ta når vi skal utvikle ein distribusjonsstrategi?
Kva meiner vi med direkte og indirekte distribusjon, og kva kan vere nokon fordelar og ulemper med desse distribusjonsformene?
Forklar kva for distribusjonsval Remarkable har teke?
Kva meiner vi med distribusjonsgrad? Gi døme.
Kva distribusjonsgrad har Brynild valt og kvifor?
Kva meiner vi med ein distribusjonskanal, og kva vurderingar må vi gjere når vi skal velje distribusjonskanal?
Kvifor er det viktig å evaluere og vidareutvikle ein distribusjonsstrategi?
Oppgåve 2
Vel ein av casane nedanfor og løys oppgåva:
Case 1
Situasjonsbeskriving:
Du er tilsett i den nyoppstarta norske verksemda H-Tek, som spesialiserer seg på teknologiprodukt. Det nye produktet dykkar er smartvassflaska HydraTek. Flaska overvaker vassinntaket til brukaren, og via ein app minner ho brukaren på å drikke vatn. No står de overfor utfordringa med å distribuere produktet ut til kundar.

Oppgåver til Case 1
Kva kjenneteiknar marknaden til dette produktet, og korleis vil det påverke utforminga av distribusjonsstrategien?
Har produktet nokon eigenskapar som du må ta omsyn til ved utforminga av ditribusjonsstrategien? Forklar.
No kan du utvikle ein distribusjonsstrategi for HydraTek.
Case 2
Situasjonsbeskriving:
Du er tilsett i ei verksemd som produserer vitamindrikken Trøll, og skal arbeide med distribusjonsstrategien som ein del av marknadsstrategien.

Animasjonsfilm om distribusjonsstrategi
I filmen under (lengde 0:51) får du ei kort oversikt over kva for moglegheiter produsenten av Trøll har i val av distribusjonsstrategi.
Oppgåver til Case 2
Kva kjenneteiknar marknaden til dette produktet, og korleis vil det påverke utforminga av distribusjonsstrategi?
Har produktet nokon eigenskapar som du må ta omsyn til ved utforminga av ditribusjonsstrategi? Forklar.
No kan du utvikle ein distribusjonsstrategi for Trøll.