McDonald's – distribusjonsstrategi

Oppgåve til filmen The Founder
Deloppgåvene skal svarast på med utgangspunkt i
filmen
relevante kjelder, marknadsføringsteoriar og -modellar
Om filmen
The Founder er ein ein biografisk dramafilm frå 2016. Filmen handlar om Ray Kroc, ein omreisande seljar spelt av Michael Keaton, som møter brørne Mac og Dick McDonald som driv ein hamburgarrestaurant i California på 1950-talet. Kroc let seg fascinere av hurtigmatsystemet dei har utvikla.
Kroc ser potensialet i restaurantmodellen og overtaler brørne til å starte med franchising. Jo fleire McDonald's-restaurantar som opnar, jo mindre kontroll får brørne sjølv over selskapet sitt. Etter kvart tek Kroc kontroll over selskapet, og McDonald's utviklar seg til å bli ei global hurtigmatkjede.
Del 1
Sjå filmen nedanfor (lengde 01:50:34).
Del 2
Beskriv og vurder McDonald's sin distribusjonsstrategi når det gjeld
distribusjonsform
distribusjonsgrad
distribusjonskanal (Kva for distribusjonsledd inngår?)
Del 3
McDonald's er ei franchisekjede.
Forklar kva som er meint med franchising.
Drøft fordelar og ulemper med franchising. Begrunn med konkrete døme frå filmen.
Del 4
Drøft og vurder påverknaden av makt og avhengnad i verdikjeda til McDonald's.
Del 5
Skriv eit samanfattande notat om det du meiner er dei viktigaste suksessfaktorane til McDonald's.
Del 6
Drøft påstanden: "McDonald's sin lett tilgjengelege hurtigmat har ein negativ samfunnspåverknad.".
