Verksemdskultur

Kven er vi?
Verksemdskultur blir forma av menneska som jobbar i ei verksemd, verdiane deira, haldningar og måten dei samhandlar på. Ofte har dei ei felles forståing av kva som er viktig – anten det handlar om innovasjon, kundeservice, effektivitet eller fellesskap. Kulturen blir reflektert i korleis tilsette kommuniserer, tek avgjerder og samarbeid på tvers av avdelingar. Ein sterk og positiv verksemdskultur skaper engasjement, tilhøyrsel og motivasjon, noko som igjen bidreg til både trivsel og produktivitet.
Tenk over
Korleis oppstår ein verksemdskultur?
Kvifor har vi ulike verksemdskulturar?
Er somme verksemdskulturar betre enn andre?
Visjon og verdiar
Felles visjon og verdiar kan vere viktig for identiteten til ei verksemd. Visjonen gir ei felles retning for arbeidet, og verdiane seier kva som skal prege verksemda og måten det blir jobba på.
Undersøk og diskuter

Normer
Kva blir rekna som akseptabel åtferd i ei verksemd? Ei verksemd har både formelle og uformelle normer. Dei formelle normene er skriftlege reglar for korleis ting skal gjerast. Dette inkluderer òg lover som verksemdene må forhalde seg til. I tillegg har vi uformelle normer, som er uskrivne reglar. Eit døme kan vere kleskode på arbeidsplassen.
Korleis vi uttrykker oss, både skriftleg og munnleg, er eit anna døme på ei norm. Er det rom for opne diskusjonar, eller er terskelen låg for å seie meininga si?
Blir utvikla over tid
Kulturen i ei verksemd blir utvikla over tid og blir påverka av faktorar som historia, leiinga, medarbeidarane og dei eksterne omgivnadene til verksemda. Verksemdskulturen speler ei avgjerande rolle for korleis verksemda blir oppfatta både internt og eksternt, og påverkar arbeidsmiljøet, produktiviteten og avgjerdsprosessar.
Ulike verksemdskulturar
Verksemder utviklar ulike typar verksemdskulturar avhengig av behova deira, bransje, storleik og målsetjingar. Kulturen i ei verksemd påverkar korleis tilsette arbeider saman, tek avgjerder og forheld seg til kundar, leverandørar og andre eksterne partar.
Alle verksemdskulturar består av fleire kulturtrekk, der nokon er meir framståande enn andre. Nedanfor ser vi døme på nokre kulturtrekk som vi finn i større eller mindre grad i ulike verksemder.
Hierarkisk kultur
Ein hierarkisk kultur er regelstyrt og strukturert med tydelege kommandolinjer, faste strukturar og regelstyrte prosessar. Avgjerder blir ofte tekne av leiinga, og det er klare reglar for korleis oppgåver blir utførte.

Ein slik hierarkisk kultur er ofte nødvendig i organisasjonar der presisjon og rask gjennomføring av avgjerder er avgjerande, til dømes i forsvaret og i politiet. I akutte situasjonar krevst det ei klar ansvarsfordeling og raske avgjerder, og den hierarkiske kulturen sikrar at alle veit kven som har styresmakt til å ta avgjerder, og kven som er ansvarleg for å utføre dei. Dette bidreg til å minimere forvirring og forseinkingar, noko som er kritisk i situasjonar der tid er ein avgjerande faktor.
Innovativ kultur
I ein innovativ kultur blir det lagt stor vekt på fleksibilitet, eksperimentering og nytenking. Verksemder med ein slik kultur oppmuntrar til kreativitet og tek risiko for å drive utvikling.

Dette er spesielt formålstenleg i teknologiselskap og startupar der nye idéar og raske tilpassingar kan gi konkurransefortrinn. I ei verksemd som til dømes Kahoot! blir tilsette oppmoda til å tenke utanfor boksen og prøve ut nye idéar for å drive framtidig vekst og suksess.
Teamorientert kultur
I ein teamorientert verksemdskultur er samarbeid og fellesskap sentrale verdiar. Avgjerder blir ofte tekne i fellesskap, og det blir lagt stor vekt på tillit og samarbeid.

Stormberg er kjend for den sterke vektlegginga si av samarbeid og inkluderande arbeidsmiljø. Dei har ein teamorientert kultur der tilsette jobbar saman for å skape berekraftige og etiske produkt. Stormberg er òg kjend for å tilsetje personar med utfordringar i arbeidsmarknaden, noko som styrker fellesskapen og samarbeidskulturen.
Resultatorientert kultur
Ein resultatorientert kultur fokuserer på prestasjonar og måloppnåing. Suksess blir ofte målt i kvantifiserbare resultat, og tilsette blir motiverte av påskjønning og konkurranse.

Eit døme er Vend, der Finn.no inngår. Vend opererer i ein svært konkurranseprega bransje, der resultat er avgjerande. Selskapet har derfor ein resultatorientert kultur, der datadrivne avgjerder, prestasjonar og innovasjon er det som står i sentrum for å sikre lønnsemd og vekst på digitale marknadsplassar.
Tillitskultur
Ein tillitskultur bygger på integritet, kompetanse og openheit. Leiing og tilsette har eit gjensidig tillitsforhold, og det er stor fridom til å ta eigne avgjerder.

Strawberry bygger verksemda si på ein sterk tillitskultur. Dei gir tilsette stor grad av fridom til å ta initiativ og avgjerder, samtidig som det er ei tydeleg forventning om å yte god service til gjester. Tilliten mellom leiing og tilsette bidreg til eit engasjert arbeidsmiljø med høg servicegrad.
Kundefokusert kultur
Ein kundefokusert kultur set kunden i sentrum for alle avgjerder. Verksemder med ein slik kultur jobbar aktivt for å forstå og møte behovet til kunden.

Vipps har ein flat organisasjonsstruktur og jobbar i tverrfaglege team med korte avgjerdsprosessar. Dei har ei open og eksperimenterande tilnærming til innovasjon, der dei stadig testar nye løysingar. Vipps set brukarane i sentrum og tilpassar stadig tenestene for å forenkle kvardagen til brukarane.
Sikkerheitskultur

Sikkerheitskultur er vanleg i bransjar med høge sikkerheitskrav der prosedyrar og reglar for å minimere risiko er i fokus. Equinor er eit døme på ei verksemd som har ein sterk sikkerheitskultur, med klare rutinar og system for risikohandtering.
Diskuter
Kva kan vere fordelar og ulemper med dei ulike kulturtypane?
Beskriv kulturen til ei verksemd de har jobba i eller kjenner godt til.