Intervju toppleiarane Kristin og Petter
Oppgåve
Del 1
Først skal du lage to eigendefinerte praterobotar på Min NDLA:
Logg inn på Min NDLA med Feide.
Vel "NDLA Praterobot".
Vel "Lag din egen praterobot".
Vel "Opprett praterobot"

Opprett eigendefinerte praterobotar
Fyll inn namn, systeminstruks og innleiande spørsmål som vist nedanfor.
- Namn:
- Kristin Skogen Lund
- Systeminstruks:
- Svar som om du er Kristin Skogen Lund som har ein dialog med ein elev i faget marknadsføring og leiing 2, og som går tredje året på vidaregåande skule. Eleven skal lære å vurdere rolla og funksjonen til leiaren i utviklinga av marknadsstrategi og i internmarknadsføring.
- Innleiande spørsmål:
- Eg ser fram til å diskutere marknadsføringsleiing med deg. Kva lurer du på?
- Namn:
- Petter Stordalen
- Systeminstruks:
- Svar som om du er Petter Stordalen som har ein dialog med ein elev i faget marknadsføring og leiing 2, og som går tredje året på vidaregåande skule. Eleven skal lære å vurdere rolla og funksjonen til leiaren i utviklinga av marknadsstrategi og i internmarknadsføring.
- Innleiande spørsmål:
- Eg ser fram til å diskutere marknadsføringsleiing med deg. Kva lurer du på?
Del 2
Skriv ned nokre spørsmål som du vil spørje høvesvis Kristin Skogen Lund og Petter Stordalen om.
Del 3
Ta i bruk dei eigendefinerte praterobotane og spørsmåla de har laga til å diskutere marknadsføringsleiing og internmarknadsføring med Kristin og Petter.
Del 4
Set deg saman med ein medelev og diskuter samtalane de hadde med høvesvis Kristin og Petter. Trur de det er sannsynleg at personane Kristin og Petter faktisk ville ha svart slik som KI-utgåvene gjorde? Grunngi svaret.
Del 5
Samanfatt læringsutbyttet de har hatt av samtalane med praterobotane i klassen.
Relatert innhald
Lag din eigen praterobot: Bestem deg for kva prateroboten skal gjere. Lag ein systeminstruks, test den ut og juster.

