Marknadskommunikasjon av Grandiosa - Marknadsføring og leiing 1 - NDLA

Hopp til innhald
Oppgave

Marknadskommunikasjon av Grandiosa

Matprodusenten Stabburet har opp gjennom åra skapt engasjement med fleire av reklamefilmane sine. Kva grep har Stabburet gjort for å slå an med marknadskommunikasjonen sin av Pizza Grandiosa? I denne oppgåva skal du sjå nærare på denne marknadskommunikasjonen.

Oppgåver:

Gjer deg litt kjend med marknadskommunikasjonen av Pizza Grandiosa ved å gå inn på grandiosa.no, og ta ein titt på ein eller fleire av reklamefilmane nedanfor.

  1. Bruk Grandiosa som døme, og skriv ei kort forklaring om kva som blir meint med marknadskommunikasjon.
  2. Forklar, med døme frå Grandiosa, kva som blir meint med kommunikasjonsprosessen.
  3. Kva bodskap prøver Stabburet å nå ut med?
  4. Kven er i målgruppa og er meint som mottakarar av marknadskommunikasjonen om Grandiosa, trur du?
  5. Gjer greie for ulike typar kommunikasjonskanalar som du meiner kan vere aktuelle for Grandiosa å nytte seg av. Grunngi.
  6. Bruk marknadskommunikasjonen av Grandiosa som døme, og gjer greie for kva som blir meint med AIDAS-prinsippet.
  7. Kvifor trur du at fleire av Stabburets reklamefilmar om Grandiosa har slått godt an?
Skrive av Elisabeth Thoresen Olseng.
Sist fagleg oppdatert 31.07.2023