Teikn og utvikle din eigen karakter

Utstyr
teikneblyantar
skisseblokk
leire (eventuelt sjølvtørkande)
keramikkreiskapar
måling og penslar
sjølvvalt gjenbruksmateriale
Diskuter
Tenk på kjende karakterar frå barnebøker.
Kva slag visuelle kjenneteikn har dei?
Kva er det som gjer at vi kjenner dei att?Korleis er personlegdommen, og korleis blir han uttrykt?
Del 1: Utforsk og studer ein eller fleire karakterar
I filmklippa under får du ein kort presentasjon av fem kjende karakterar. Vel ein av dei og sett deg inn i kva karaktertrekk hen har. Du bør bruke fleire kjelder for å finne ut meir om personlegdommen til den du vel.
Del 2: Hent inspirasjon
Finn døme på karakterar du liker frå barne- og ungdomsbøker, spel, teikneseriar eller filmar. Undersøk bruken av forenkling og stilisering og korleis kjenslene til karakterane blir uttrykte.
Del 3: Teikn din eigen karakter
No skal du skape din eigen figur. Han skal ha tre kjenneteikn som gjer han mogleg å kjenne att.

Start med idémyldring:
Kva slags karakter vil du skape?
Det kan vere eit menneske, eit dyr eller ein spelfigur, gjerne noko knytt til eventyr eller fantasy.Kva eigenskapar og utsjånad skal karakteren din ha?
Har hen til dømes ein magisk eigenskap eller ei hemmelegheit?
Kva drøymer hen om, og kva styrkar og svakheiter har karakteren din?
Lag skisser og jobb med å forenkle uttrykket. Prøv ut ulike måtar å stilisere streken din på. Vel eit uttrykk som kan framheve personlegdommen til karakteren din.

Skisser minst tre ulike ansiktsuttrykk og kroppsspråk før du vel eit av dei.
Prøv til dømes ut korleis karakteren ser ut når hen er sint, sur, redd, sjokkert eller glad.
Sit gjerne modell for kvarandre og mim ulike ansiktsuttrykk eller frys ei rørsle som skal teiknast. De kan òg finne bilete av ansiktsuttrykk og kroppsspråk på nettet.Ein karakter vil ofte ha ulik tekstur på håret eller på kleda. Test ut ulike teksturar og mønster. Vel minst ein variant, og la dette bli ein del av figuren din.
Teikn to–tre skisser der du viser karakteren din frå ulike vinklar

Del 4: Lag hovudet til karakteren din i 3D
Du skal skulpturere eit hovud av karakteren som du har teikna.
Formatet skal vere 15–20 centimeter i lengde-, breidde- og høgderetning.
Eksperimenter og planlegg

Du skal eksperimentere med leire og legge til minst to andre komponentar av mjuke, harde eller plastiske materiale. Dette skal vere gjenbruk.
Lag skisser til korleis du vil kombinere materialbruken med leire og sjølvvalde materiale.
Lag prøver i leire der du utforskar teksturar og dekorteknikkar. Du kan òg lage ein rask liten modell av skulpturen du vil lage.
Lag ein plan for korleis du skal løyse tekniske utfordringar og lage skulpturen.
Gjennomfør

Modeller skulpturen. Hugs at du skal forme ulike element, slik som auge og lepper. Ikkje teikn dei på leira. Jobb mot å skape ein skulptur som fungerer frå alle vinklar.
Viss skulpturen er tjukkare enn to centimeter, bør han vere hol inni med eit lite luftehol gjennom leireveggen. Det kan du få til ved å skrape ut eit holrom når figuren er lêrhard, eller du kan forme figuren rundt ein ball med avispapir frå starten av.Dekorer skulpturen.
Legg til komponentar av andre materiale og la dette bli ein del av heilskapen.


Del 5: Vurdering
Presenter kvar du har henta inspirasjon, skissene dine og idéutviklinga.
Vurder din eigen arbeidsprosess og den ferdige skulpturen din:
Korleis har du uttrykt særtrekka og eigenskapane til karakteren?
Korleis eksperimenterte du målretta for å oppnå forma, overflata, fargane og uttrykket som du ønskte?
Korleis har du jobba med keramiske teknikkar?
Korleis fungerer forma og overflata til skulpturen sett frå ulike vinklar?
Korleis har gjenbruksmateriale vorte ein del av uttrykket?
Del 6: Utstilling
Samarbeid om å lage ei utstilling der de presenterer dei ferdige karakterane og eit utval av prosessarbeidet.
Relatert innhald
Om personskildring i episke tekstar
Utvikle ein karakter og plasser han inn i ein framtidsby. Etterpå skal du lage ein kort teikneserie som beskriv ein situasjon eller ei hending.