Materiallære
Materialval er ein viktig del av produktutvikling. Du må vurdere eigenskapane til materiala i forhold til bruksområdet. Materiale kan ha ulik haldbarheit, og dette påverkar kvaliteten til eit produkt. Val av kortreiste og berekraftige materiale påverkar samfunnet og naturen positivt.
Møbelsnikkarfirmaet Lien & Lian spesialbygger innreiingar til hytter og hus. I filmen under (lengde 6:49) gir dei oss eit innblikk i tre som materiale og i korleis dei også bruker tekstil og plastiske materiale.
Vi deler materiale inn i harde, mjuke og plastiske materiale, alt etter kva eigenskapar dei har.
Harde materiale
Tre og metall har evne til å bere ein konstruksjon og må formast ved hjelp av reiskapar. Ulike treslag har ulik hardleiksgrad, og vi kan dele dei inn i mjuke, mellomharde og harde tresortar. Selje og or er mjuke tresortar, furu og gran blir rekna som mellomharde, mens bjørk og eik er harde.
Mjuke materiale
Mjuke materiale er fleksible. Tekstil er tøy og produkt som blir laga av fibrar. Fibrane kan komme frå naturen eller bli framstilte kunstig. Dei kan tvinnast saman til tråd eller garn. Ulike teknikkar, til dømes veving, strikking og hekling, dannar mjuke materiale som vi bruker til klede og utstyr.

Plastiske materiale
Plastiske materiale kan du forme med hendene. Leirar, pappmasjé og plastilin er plastiske materiale. Dei har ikkje noka bestemt form, men vi kan forme dei nesten som vi vil.
