Idéar om mennesket i kinesisk filosofi

Vegen – dao
Kva er livsvegen din? Kva veg bør du velje i livet ditt? Dette var eit spørsmål som opptok tre av dei tidlege og mest innverknadsrike filosofane i Kina, Konfutse, Laozi og Mozi. Desse filosofane var einige om at verda heile tida var i endring, men hadde ulikt syn på kva veg mennesket burde velje.
Det kinesiske ordet for veg – "dao" (eller "tao") kan forståast på ulike måtar. Vegen kan forståast som ei rute frå ein stad til eit annan, mot eit bestemt mål, eller han kan forståast som ein prosess, der sjølve vegen er målet. Lett forenkla kan vi seie at Konfutse har fokus på at vegen er ei rute frå ein stad til eit annan, der målet er å utvikle seg til å bli eit betre menneske ved å følge i fotspora til gode førebilete. Laozi, derimot, har større fokus på at vegen er ein prosess. Målet med livet er ikkje først og fremst å nå ein bestemd stad, men å leve i noet i tråd med det som skjer her og no.
Dao – eller vegen – kan òg forståast på ein annan måte. Han kan forståast som ein metode, ein framgangsmåte, for korleis vi burde leve. Ifølge Konfutse burde vi til dømes følge tradisjonar og ritual for å bli eit betre menneske. Mozi var derimot kritisk til gamle ritual og meinte vi i staden burde følge nokre grunnleggande moralske prinsipp. Laozi på si side hevda at fokus på ytre ritual og moralske prinsipp kunne leie oss vekk frå det enkle, umiddelbare og naturlege, det som ifølge Laozi er den eigentlege naturen vår og den vegen vi i verkelegheita burde finne tilbake til.
Konfutse og konfutsianismen

Konfutses syn på mennesket
Konfutse (551–479 fvt.) blir ofte rekna som den første store kinesiske filosofen. Han var oppteken av korleis vi kan bli betre menneske ved å gjere små endringar i kvardagen, og meinte leiarane i staten måtte gå i brodden som gode døme. Konfutse var sjølv embetsmann, men blei skuffa over korrupsjonen og luksuslivet til den styrande eliten. Han valde derfor å reise rundt i Kina med ei lojal gruppe disiplar for å spreie idéane sine.
Konfutse hadde eit svært annleis syn på mennesket enn vi har i dag. I dag er det eit ideal at vi skal vere tru mot oss sjølve, og at vi kan finne svaret på viktige livsval inni oss sjølve. Vi treng berre å gjere det som kjennest rett og lytte til "magekjensla".
Ifølge Konfutse er vi menneske likevel ei kompleks samling av motstridande kjensler og lyster som er forma av dei tidlegare erfaringane våre. Desse kjenslene trekker oss i ulike retningar, og kan derfor ikkje fortelje oss kva vi skal gjere, eller kven vi kan bli i framtida.
Konfutse fokuserte i staden på korleis mennesket kan forandre kjenslene og dei låste tankemønstera sine. Gjennom ritual, tradisjonar og små endringar av daglege rutinar kan vi, ifølge Konfutse, gradvis utvikle oss til betre menneske.

Tenk deg at du blir introdusert for ein framand. Du smiler, strekker handa fram og helsar, uavhengig av kva humør du er i akkurat denne dagen. Ei kort stund glir du inn i ei anna rolle og følger ein velkjend tradisjon for handhelsing.
Ifølge Konfutse hjelper denne tradisjonelle vanen deg – ikkje berre til å verke hyggeleg og velmeinande – men òg til å erfare at du har eit potensiale til å bli ein annan person. På denne måten kan daglegdagse rutinar og tradisjonar hjelpe deg med å bryte ut av tilvande mønster og gradvis forandre deg i ei betre retning.
For å bli eit edelt menneske måtte ein følge dei gamle tradisjonane og rituala, ifølge Konfutse. Denne evna (Li) var noko som måtte lærast, og Konfutse hevda at fyrsten hadde eit eige ansvar for å gi befolkninga tilgang til utdanning. På denne måten blei Konfutse og konfutsianismen ein viktig inspirasjon for utbygginga av det kinesiske utdanningssystemet.
Konfutses dydsetikk
Du kan lese meir om Konfutse og synet hans på korleis vi kan bli betre menneske i artikkelen "Konfutses dydsetikk".
Konfutsianismen
Etter Konfutses død heldt disiplane hans fram med å diskutere og vidareutvikle tankane og idéane hans. Eit av spørsmåla dei var særleg opptekne av, var om mennesket frå naturens side var godt eller vondt. Konfutse sjølv gav ikkje noko klart svar på dette spørsmålet, og Konfutses etterfølgarar tolka han vidt ulikt.
Konfutse hadde vore heilt tydeleg på at mennesket hadde behov for ei moralsk utdanning. Den konfutsianske filosofen Mengzi hevda at mennesket frå naturens side er godt, og derfor må dyrke fram dei naturlege gode eigenskapane sine gjennom ei lang utdanning. Den konfutsianske filosofen Xun Zi hevda derimot at mennesket frå naturens side er vondt og derfor treng utdanning for å lære å avgrense dei egoistiske disposisjonane sine.
Mozi og moismen
Den kinesiske filosofen Mozi (ca. 470–390 fvt.) var den første filosofen i Kina som direkte utfordra Konfutse. Mozi kritiserte dei omstendelege rituala i konfutsianismen for å vere ei unyttig sløsing med verdifulle ressursar. Han kritiserte òg Konfutses syn på moralske forpliktingar. Ifølge Konfutse har vi ulike moralske plikter overfor ulike menneske. Vi har til dømes eit større ansvar for å ta vare på familien vår og venner enn framande. Mozi, derimot, tok til orde for at vi burde behandle alle menneske likt, basert på ei universell kjærleik og omsorg (jian ai).
Tenk etter
Ifølge Konfutse har vi spesielle plikter overfor familien. Ein son bør lyge for å verne foreldra sine, og foreldra bør lyge for å verne sonen, sjølv om dei då gjer seg skyldig i eit lovbrot. Mozi tenker derimot at det alltid vil vere umoralsk å lyge for å dekke over eit brotsverk. Kva tenker du? Er det rett å lyge for å verne familien?
Viss vi skal vite kva som er rett og gale, og kva vi som menneske burde gjere i ulike situasjonar, må vi ifølge Mozi ha ein universell standard eller ei rettesnor for handlingane våre. Mozi meinte sjølv at vi kan komme fram til denne standarden viss vi tenker rasjonelt og logisk. Først må vi sjå tilbake og vurdere om det finst tradisjonar som kan støtte handlinga. Dernest må vi vurdere om det finst bevis for om denne handlinga er rett, basert på erfaringane til folk. Til slutt må vi vurdere om handlinga er praktisk nyttig for samfunnet samla sett. Mozi er derfor tilhengar av ei form for konsekvensetikk. Det er ikkje nok at mennesket berre følger gamle tradisjonar. Desse tradisjonane må òg føre til at alle som bur i samfunnet, får det betre.
Til liks med Konfutse tenkte Mozi at menneske er tøyelege og ikkje fødde med ein fast natur. Han trudde derfor ikkje at dei fleste menneske vil handle ut frå universelle prinsipp av seg sjølve. For at mennesket skal handle ut frå ei upartisk kjærleik og omsorg overfor kvarandre, treng dei ein upartisk herskar som kan påskjønne dei som handlar rett og straffe dei som handlar feil. Ved at herskaren påskjønner dei beste og flinkaste, vil hen oppmuntre folk til å gjere det som er best for heile samfunnet. Men Mozi meinte òg at visse tradisjonar og religiøse førestillingar kan bidra til at folk handlar på ein måte som fremmar universell kjærleik og omsorg.

Mozi og naturtilstanden
Før det oppstod eit samfunn med lover og reglar, levde alle individ, ifølge Mozi, etter sine heilt eigne normer og verdiar. Det leidde til at menneska kom i konflikt med kvarandre. For å hindre kaos og krig blei derfor individa einige om å velje ein intelligent og upartisk leiar. Denne leiaren valde så ut dei personane som fortente det mest til å styre staten, og sørgde deretter for at samfunnet hadde eit felles sett med normer og reglar.
Mozi hevdar på denne måten at eit autoritært styresett, der dei som fortener det mest har dei høgaste stillingane, er det beste. For å grunngi dette viser han til naturtilstanden – ein tilstand menneska levde i før det eksisterte lover og reglar som var prega av krig og kaos. Denne måten å argumentere på, ut frå ein tenkt naturtilstand, finn vi igjen i fleire ulike variantar hos vestlege filosofar, som Hobbes, Locke og Rousseau fleire tusen år seinare.
Laozi og daoismen
Den mytiske filosofen Laozi blir rekna som grunnleggaren av taoismen og forfattar av den viktigaste boka til daoismen, Daodejiing (alternativt Tao te Ching). Laozi betyr "gammal lærar". Vi veit svært lite om livet hans, og mange er usikre på om han verkeleg har eksistert. I byrjinga var heller ikkje daoismen ei organisert rørsle på linje med konfutsianismen og moismen, men ei lausare samanslutning av ulike tenkarar.

Det første ordet i daodejiing er "dao", eller "vegen". Ifølge Laozi er dao ei kraft som strøymer gjennom mennesket, naturen og universet. Dao er opphavet til alt og det som alt skal vende tilbake til, og kan både forståast som eit sett naturlover og eit høgare moralsystem. Ifølge Laozi er det menneskets oppgåve å leve i harmoni med dao, men det verkelege dao kan ikkje beskrivast med ord. Laozi bruker derfor ei rekke ulike metaforar for å peike mennesket i rett retning. Dao blir til dømes beskrive som eit tomt kar som aldri kan tømmast, ei urkjelde som aldri går tørr, den uforma steinen skulptøren enno ikkje har hogd til.
Laozi er skeptisk til at mennesket kan bli betre ved å følge tradisjonelle ritual, som Konfutse foreslår, eller ved å leve etter logiske prinsipp, som Mozi forsvarar. Slike kunstige forbedringsforsøk vil fungere mot hensikta si, hevda han, fordi motsetningar alltid vil få fram kvarandre. Før det eksisterte dydar og moralske reglar, eksisterte det heller ikkje laster, og menneske levde heilt spontant i tråd med naturen og dao, ifølge Laozi. Dette forandra seg når filosofar som Konfutse hevda at mennesket burde følge dydane, fordi dydane automatisk får fram motsetninga si, nemleg laster. Ved at noko blir framstilt som rett, blir noko anna automatisk feil, og menneske mister av syne det som er ekte, autentisk og naturleg.
Tenk etter
Tenk deg at du finn ei lommebok. Kva slags menneske ønsker du å vere? Ein person som gir tilbake lommeboka fordi du vil vere eit godt og dydig menneske, ein person som gir tilbake lommeboka fordi det ifølge fornufta er moralsk rett, eller ein person som heilt spontant gir lommeboka tilbake fordi det ikkje fell deg inn å behalde ho. I det første tilfellet ville du følge Konfutse, i det andre Mozi og i det tredje Laozi.
Viss ikkje dao kan beskrivast med ord, korleis skal du vite korleis du skal handle? Ifølge Laozi er det nettopp når du ikkje strever, men lar verda rundt deg følge den naturlege vegen sin, at du kan oppnå mest. Laozi kallar det for wu-wei, som kan omsetjast med ikkje-handling. Det inneber ikkje at du skal vere heilt passiv, men la ting følge sin eigen naturlege rytme. Ved å stå stilt kan den kloke gjere det gjørmete vatnet klart. Den beste leiaren er den som undersåttane nærast ikkje er klar over at eksisterer, så dei opplever at arbeidet går av seg sjølv. Å styre er som å koke fisk, seier Laozi. Koker du han for lenge, går den sund.

Ved sida av Laozi er Zhuangzi (369–286 fvt.) den mest kjende filosofien i daoismen. Zhuangzi var oppteken av at menneska ikkje måtte la seg avgrense av fastlåste førestillingar og vande oppfatningar. Verda er heile tida i endring, og det er først når vi klarer å omfamne mangfaldet av perspektiv rundt oss, at vi vil nærme oss dao. Det gjer vi likevel ikkje viss vi låser oss i ei bestemd oppfatning av verda, og korleis vi skal leve, slik som Konfutse og Mozi.
Ved å fortelje leikne historier med overraskande poeng viser Zhuanzi korleis vi kan forstå verda ut frå mange ulike vinklar. I ei berømt historie fortel Zhuangzi at han drøymer at han er ein sommarfugl. Men når han vaknar, veit han ikkje om han er Zhuangzi som drøymde at han var ein sommarfugl, eller ein sommarfugl som drøymer at han er Zhuangzi.
Sidan verda er i konstant endring fylt med eit mangfald av perspektiv, burde du, ifølge Zhuangzi, leve i tråd med dei persepektivene og erfaringane som er unike for deg i livet ditt. Zhuangzi bruker kokken Ding som døme på ein person som heilt naturleg og spontant lever i harmoni med dao når han skjer opp eit stykke kjøtt på ein perfekt måte. Utan å tenke seg om let kokken Ding kniven følge mønsteret i det konkrete kjøttstykket, slik at kniven nærast ikkje møter motstand. Det kan beskrivast som ei form for innlært spontanitet der du overskrid det du tidlegare har lært og er heilt i eitt med den arbeidsoppgåva du utfører her og no. I dag ville vi kanskje beskrive det som å vere i flytsona, og poenget til Zhuangzi er at det er noko vi alle kan oppleve, uavhengig av yrke, utdanning og evner, viss vi heilt naturleg og spontant blir den vi er.
Konfutse, Laozi og Buddha: Eddik-smakarane

Eddik-smakarane er eit kjent allegorisk motiv i kinesisk kunst. Det er basert på forteljinga om Konfutse, Laozi og Buddha som smakar på edikk.
Konfutse reagerer med eit surt ansiktsuttrykk. Det reflekterer det negative synet hans på samfunnet som korrupt.
Buddha reagerer med eit bittert ansiktsuttrykk. Det reflekterer Buddhas syn på livet som fullt av smerte og liding.
Laozi reagerer med eit smil. For Laozi er edikken perfekt, sidan han har sin naturlege plass.
Ei alternativ tolking av dette biletet er at Konfutse, Buddha og Laozi står samla rundt ei krukke fordi læra deira grunnleggande sett er den same.
Filosofi og religion i dagens Kina
Mens moismen gradvis forsvann som ei skuleretning i kinesisk filosofi for fleire tusen år sidan, er konfutsianismen og daoismen framleis levande tradisjonar. Det er ein flytande overgang mellom religion og filosofi i Kina. Offisielt blir daoismen rekna som ein religon, mens konfutsianismen ikkje blir rekna som ein religion, men ei filosofisk retning. Du kan lese meir om praktiseringa av konfutsianismen og daoismen i dagens Kina i artikkelen "Religion i Kina".
For 2000 år sidan kom buddhismen frå India til Kina. Buddhismen blir i dag rekna som ein av Kinas offisielle relgionar, og buddhismen sitt syn på mennesket har òg hatt stor innverknad på det kinesiske samfunnet.
Du kan lese meir om buddhismen sitt syn på mennesket i desse artiklane:





