Draperi inspirerte av barokken

Utstyr
teikneblyantar, kol eller krit
kvit blyant eller kvitt krit
knettgummi
fargeblyantar eller ein målingstype som du vel sjølv
teikneblokk i A3-format og svart teiknepapir
flaske og einsfarga tekstil
lampe til å lyssetje motivet
fiksativ
Draperi
Eit draperi er eit tøystykke som heng i dekorative foldar. I illustrasjonane under har vi laga ei skjematisk framstilling av lys- og skuggeverknadene.
Draperi i kunsthistoria


Draperiet har vore framstilt i fleire kunsthistoriske periodar, òg før barokken:
antikken
mellomalderen
renessansen
Vi finn draperia særleg i klednad.
Draperi i barokken
Den dramatiske bruken av draperi i barokken blir eit viktig romskapande verkemiddel som skaper illusjon av rørsle med diagonale og organiske linjer i rommet. Draperi blir brukte både i måleri, interiør og i skulptur. Draperia er ofte kostbare tekstil som silke, fløyel og brokade.
Del 1: Fagomgrep
Les artikkelen "Biletkunst i barokken", og repeter fagstoff frå artiklane om valør og om tekstur frå vg1.
Forklar desse omgrepa i skisseboka di:
barokken
draperi
djupneskapande verkemiddel
lys-mørk-kontrast
visuell tekstur
chiaroscuro
vanitas
Del 2: Gjengi to utsnitt frå draperi
Finn eitt eller fleire måleri frå barokken der bruken av draperi er tydeleg, og skriv dei ut i A3-format. Du kan til dømes velje eit verk frå samlinga av kunstverk frå barokken på Google Arts & Culture.
Bruk eit søkarvindauge på 10 x 10 centimeter og leit etter gode komposisjonar med dynamiske linjer. Vel to utsnitt du vil arbeide vidare med.
A) Teikn eit utsnitt av eit draperi i gråtonar
Studer linjene og bruk teikneblyantar, krit eller kol til å teikne utsnittet dobbelt så stort (20 x 20 centimeter). Legg merke til korleis lys- og skuggeverknaden skaper djupne. Jobb med valørar og få fram foldane i tekstilet.

Studer gjerne korleis andre har jobba med valørar i draperi i
B) Teikn eller mål eit utsnitt av eit draperi i fargar
Forstørr det andre utsnittet på same måte, og bruk ein valfri fargeleggingsteknikk. Øv på å framstille tekstur. Studer lys- og skuggeverknader, og bruk ulike valørar i fargetonane til å skape djupne.

Del 3: Draper ei flaske
Jobb saman i grupper på to–tre personar. Plassar ei flaske på eit bord og legg eit einsfarga tekstil over henne. Draper tekstilet og skap ein spennande komposisjon. Lysset motivet med ei lampe slik at de får sterk kontrast mellom lys og skugge.
Etterpå skal alle i gruppa lage kvar si studieteikning av motivet. Bruk kvitt krit eller kvit blyant på svart papir (A3) og hent fram lyset. Øv på å skape mjuke overgangar og på å få fram djupneverknad i draperiet.
Del 4: Fordjupingsoppgåve med draperi som tema
Bruk kunnskapane dine om barokken og om moglegheitene i draperiet kreativt.
Vel sjølv kva format og kva teknikkar du vil bruke.
Ta med ei eller fleire tilvisingar til barokken. Det kan til dømes vere bruk av fargar, dramatikk, sterke kjensler, chiaroscuro, vanitas eller andre element frå barokke kunstverk.

Nokre alternativ kan vere:
Set opp eit stilleben med draperi og ulike gjenstandar.
Pakk inn ein gjenstand i eit stykke tekstil.
Bruk ein medelev som modell, eller ta eit foto som viser eit utsnitt av klede med foldar.
Legg eit stykke tekstil laust på bordet, eller knyt det saman. Studer og gjengi dei ulike foldane.
Teikn ein barokk engel med draperi. Her kan du til dømes bruke akvarellmåling og lavering.
Arbeidsprosess
Idémyldring
Teikn raske skisser der du prøver ut ulike idéar i skisseboka di.
Skriv korte kommentarar til skissene.
Idéutvikling
Vel den beste idéen og tilpass han slik at det er realistisk å komme i mål innan tidsfristen.
Bruk erfaringane dine frå del 2 og 3 og beskriv motiv og teknikk gjennom raske skisser. Prøv å få til ein kreativ vri slik at du løftar idéen din.
Planlegg og gjennomfør arbeidsprosessen
Avgrens omfanget slik at du rekk å bli ferdig med arbeidet ditt innan fristen. Ta med alt utstyret du treng, og gjennomfør planen din. Fotografer undervegs i arbeidsprosessen.
Gi gjerne det ferdige verket ditt ein tittel, og ta gode bilete av resultatet.

Dokumentasjon
Beskriv idéutviklinga di, og grunngi vala du har teke undervegs. Set inn foto frå arbeidsprosessen din og av det ferdige verket. Forklar korleis du har brukt visuelle verkemiddel, og kva samanheng verket ditt har med barokken. Avslutt med å vurdere kvaliteten i arbeidet ditt.
Innlevering
Dette skal leverast inn:
utsnitt av draperi
teikning av "flaskedraperi"
skissebok med
ordforklaringar
skisser med kommentarar
dokumentasjon av fordjupingsoppgåva
ferdig resultat av fordjupingsoppgåva
Relatert innhald
Når vi teiknar, kan det vere ei utfordring å skape inntrykk av rom og djupne. Her ser vi på ulike verkemiddel du kan bruke.
Valørar er lys- og mørkenivået til fargane, og gråtonane mellom kvitt og svart blir kalla valørar. Lær korleis du kan bruke valørar til å skape djupne i måleri.







