Hopp til innhald
Nynorsk
Fagstoff

Nederlandske barokkmålarar

Barokken strekte seg over heile Europa frå slutten av 1500-talet til midt på 1700-talet. I Nederland ser vi likskapar med biletkunsten i Sør-Europa, men òg at han der utvikla eit eige særpreg. Her møter du nokre av barokkmålarane frå perioden som seinare har blitt kalla den nederlandske gullalderen.

Barokken

Utviklinga av barokken starta i Roma på slutten av 1500-talet, og breidde seg vidare i Europa. Du kan lese meir om perioden i artikkelen "Bildekunst i barokken". I denne artikkelen skal vi samanlikne barokken i Sør- og Nord-Europa før vi presenterer dei mest kjende barokkmålarane frå Nederland.

Motiv

I Sør-Europa dominerte den katolske kyrkja, og kunstnarane fekk ofte oppdrag med å måle religiøse motiv. Dei kunne òg få bestillingar på portrett frå overklassen.

Etter reformasjonen på 1500-talet ville ikkje protestantane i Nord-Europa ha bilete eller statuar av helgenar i kyrkjene lenger, og kunstnarane der mista ei viktig inntektskjelde. Dei måtte dermed finne andre motiv.

I Nederland blomstra handelen, og det kom ein ny klasse med rike menneske som ville kjøpe kunst. Dette gav etterspørsel etter meir motiv, som landskap, portrett, stilleben og scenar frå kvardagslivet. Desse bileta har gitt oss eit godt innblikk i arkitektur, interiør og klesdrakter frå denne tida.

Komposisjon

Dei sør-europeiske barokkmålarane brukte gjerne ein dramatisk og kjensleladd komposisjon med rørsle og sterke kontrastar.

I Nederland ser vi ein tendens til at målarane kunne bygge opp ein meir stille komposisjon. Det er ofte rolegare atmosfære i verka deira. Kunstnarane ville gi ei oppleving av motivet og få fram detaljar og .

Kontrast mellom lys og mørke

I Sør-Europa var lysbruken ofte dramatisk og teatralsk med ei klar lyskjelde som skapte sterke kontrastar.

I dei nederlandske måleria kunne lysbruken vere meir subtil. Kunstnarane var dyktige til å fange naturleg lys og skape atmosfære, ofte med ein meir dempa fargepalett.

Sjangermåleri

Barokkmålarane i Nederland er kjende for sjangermåleri. Eit sjangermåleri er ein type måleri som beskriv scenar frå kvardagslivet. Motiva er vanlege menneske som gjer daglegdagse ting. Mjølkejenta av Vermeer (cirka 1660) er eit godt døme på dette.

Bileta formidlar ei stemning eller ein situasjon. Jan Steen var ein kunstnar som skapte livlege sjangermåleri og brukte humor, samtidig som det gjerne var skjult ein moral i biletet.

Vermeer (1632–1675)

Lenge visste vi lite om Johannes Vermeer og måleria hans fordi han sjeldan daterte og signerte dei. Dei mest kjende er interiørbilete som viser eit eller fleire menneske i aktivitet eller arbeid.

Komposisjon og fargar

Komposisjonen i Vermeers måleri er enkel og konsentrert med få gjenstandar og få modellar. Han bruker eit balansert fargespel, gjerne med bruk av , særleg blått og guloransje. Verka viser stofflegheit og kan fortelje oss korleis kvinnedraktene og mannsdraktene var i ulike sosiale lag på den tida.

Rubens (1577–1640)

Peter Paul Rubens er ein annan sentral barokkunstnar frå Nederland. Han utdanna seg i Italia og Spania. Under opphalda der studerte han meistrane frå renessansen nøye, og han blei òg påverka av Caravaggios målestil.

Portrett

Rubens er kjend for portretta sine. Han la vekt på fine detaljar i klesdraktene, møblane og andre ting som kunne vise sosial status.

Religiøse og mytologiske måleri

Rubens brukte fargar og lys til å skape rørsle og rom i måleria sine. Han skapte fleire verk med religiøse tema. I dei mytologiske bileta sine brukte han nakenskap, sensualitet og livskraft.

Tekstil

Rubens laga òg skisser til kostyme og mønster til biletvev.

Rembrandt (1606–1669)

Nederlandske Rembrandt van Rijn blir rekna som ein av dei største meistrane i målarkunsten. Han var både målar og grafikar. Kunstnaren er kjend for glødande fargebruk, evna si til å fange lys og skugge og til å uttrykke menneskelege kjensler og få fram dramatiske scenar. Han underviste elevar og har inspirert mange målarar som kom etter han.

Portrett

Rembrandt blei ein populær portrettmålar og fekk mange oppdrag frå overklassen. Han var ein meister i å gjengi rikdom og flotte klede. Etter kvart blei han likevel meir oppteken av å gjenskape hovudet og ansiktet til modellane på ein ærleg måte. Kunstnaren blei meir interessert i mennesket og det livet den personen hadde levd, enn i å gjengi skjønnheit og eleganse.

Rembrandt brukte ofte seg sjølv eller nokon han kjende, som modellar. Og i Badande kvinne (1654) framstiller han modellen sin i ein nokså intim augeblink.

Historiemåleri

I tillegg til portrett måla Rembrandt historiske og religiøse motiv. Måten han stiller opp scenane på, gjer dei dramatiske. Nattevakta (1642) blir rekna som eit av dei mest berømte kunstverka i verda.

Eit anna svært kjent måleri er Dr. Tulps anatomiforelesing (1632). Her har Rembrandt måla fleire studentar og gitt kvar av dei eit personleg uttrykk.

Kjelder

Dahl, T. E., Bakka, E. & Rygg Rønneberg, M. L. (1994). Relieff. Gyldendal Norsk Forlag.

Gombrich, E. H. (1992). Verdenskunsten. Aschehoug.

Hardeberg, K. T. G. (Programleder). (2024, 21. mai). Den lystige familie av Jan Steen. [Audiopodkast-episode]. I Kunsthistorier. https://kristinehardeberg.podbean.com/e/den-lystige-familie-av-jan-steen/

Pharo, I. & Sagstad, E. (1998). Det skapende mennesket. Universitetsforlaget.

Store norske leksikon (2025, 22. februar). Rembrandt. I Store norske leksikon. https://snl.no/Rembrandt

Tschudi-Madsen, S. (2025, 24. februar). Genremaleri. I Store norske leksikon. https://snl.no/genremaleri

Tschudi-Madsen, S. (2025, 21. februar). Vermeer. I Store norske leksikon. https://snl.no/Vermeer

Vold, T. & Rise, H. (2023, 26. januar). Barokken. I Store norske leksikon. https://snl.no/barokken

Relatert innhald

Reformasjonen

Reformasjonen var ei av dei mest sentrale hendingane i tidleg moderne tid. Fleire statar bryt med paven og dannar sine eigne statskyrkjer.

Skrive av Lizann Mikkelsen Tapper og Inger Gilje Sporaland.
Sist oppdatert 14.05.2025