Hopp til innhald
Nynorsk
Oppgåve

Gjenskap eit bilete frå barokken

Å gjenskape eit motiv frå kunsten kan vere både utfordrande og morosamt. I denne oppgåva skal de studere biletkunst frå barokken, velje eit motiv og så iscenesetje dette med eit foto. Tenk kreativt og prøv å bruke dei same visuelle verkemidla som de finn i originalbiletet.

Del 1: Sett dykk inn i barokken som periode

  1. Les artikkelen "Bildekunst i barokken" og noter viktige kjenneteikn på perioden.

  2. Gå saman i grupper på tre. Vel ein kunstnar de vil fordjupe dykk i, og undersøk korleis barokke trekk kjem fram i bileta hans/hennar.

Nyttige kjelder

Mange museum og galleri har gode kunstsamlingar på nett. De kan til dømes undersøke desse nettsamlingane:

De finn òg ei samling barokk biletkunst på Google Art & Culture.

Del 2: Gjenskap eit kunstverk

Hald fram med å samarbeide i same gruppe som i del 1.

Vel eit verk de vil gjenskape

Vel eit kunstverk av den kunstnaren de jobba med i oppgåve 2 i del 1.

Idémyldring

Studer kunstverket nøye og diskuter korleis de kan lage dykkar eigen versjon. Gjenskapinga bør vere mest mogleg lik originalen, men det er lov å spele på humor eller bruke andre verkemiddel.

Inspirasjon

For å få inspirasjon kan de søke på “art remake” på internett. De finn òg døme på kreative gjenskapingar under emneknaggane #betweenartandquarantine og #tussenkunstenquarantaine. På norsk betyr emneknaggen "mellom kunst og karantene". Desse bileta blei skapte våren 2020 av folk som kjeda seg heime under koronapandemien.

Planlegg

Vel den idéen de er mest fornøgde med, og planlegg iscenesetjinga:

  • Kvar kan de ta biletet?

  • Kva treng de av rekvisittar?

  • Treng de ein eller fleire modellar?

Gjennomfør

  1. Fotografer og prøv å få same biletutsnitt, vinkel, lys og fargar som i originalbiletet.

  2. Rediger gjerne biletet i eit passande biletbehandlingsprogram.

Presenter og vurder

  1. Presenter gjenskapinga de har laga, ved sida av originalen, slik som i biletdøma.

  2. Vurder resultatet og beskriv korleis de har jobba for å skape barokke trekk i biletet dykkar.

  3. Lag ei utstilling av alle bileta klassen har gjenskapt.

  4. De kan eventuelt samle bileta til klassen i ein emneknagg i sosiale medium, på nettsida til skulen eller andre stader der dei kan visast fram. Men hugs at de då må spørje modellane om løyve på førehand!

Skrive av Maren Aftret-Sandal og Inger Gilje Sporaland.
Sist oppdatert 25.03.2025