Hopp til innhald
Nynorsk
Oppgåve

Draperi inspirerte av barokken

La deg inspirere av korleis historiske kunstnarar kunne gjengi tekstil i dekorative foldar. Studer lys- og skuggeverknader i stoffa, og få fram djupne i teikningane dine. Kombiner til slutt draperi med andre element frå barokken.

Til læraren

Bruk gjerne aktuelle samtidskunstnarar som inspirasjon, til dømes frå nettsidene til Hanne Friis og John K. Raustein.

Innlei med å demonstrere linjene i eitt- og topunktsdraperi. Teikn gjerne på tavla saman med elevane.

NDLA kan ikkje bruke YouTube-innhald på grunn av reklamen der, men de kan finne demonstrasjonar av korleis draperi er bygde opp ved å søke på:
"pipe fold", "diaper fold"
og "drop fold".

Oppgåva er bygd opp med progresjon, men ta gjerne eit utval dersom det blir for tidkrevjande å gjennomføre alle deloppgåvene. Elevane kan til dømes velje mellom A) og B) i del 2.

Del 4 kan utvidast til eit kunstprosjekt der eleven skal gjere element fra barokken til sitt kunstuttrykk. Då kan dei gå vidare med sjølvstendige uttrykk og òg jobbe i 3D-format. Her blir det viktig at elevane avgrensar omfanget av oppgåvene sine slik at utfordringa ikkje blir for stor. Dei må berekne tidsbruk ut frå rammene de set for oppgåva.

La gjerne prosjektet ende opp i ei utstilling. Då kan elevane òg lage ein enkel digital plakat med foto og presentere idéen bak verket.

Dersom elevane vel å måle ein barokk engel, kan dei starte med å undersøke englar som fenomen.

Utstyr

  • teikneblyantar, kol eller krit

  • kvit blyant eller kvitt krit

  • knettgummi

  • fargeblyantar eller ein målingstype som du vel sjølv

  • teikneblokk i A3-format og svart teiknepapir

  • flaske og einsfarga tekstil

  • lampe til å lyssetje motivet

  • fiksativ

Draperi

Eit draperi er eit tøystykke som heng i dekorative foldar. I illustrasjonane under har vi laga ei skjematisk framstilling av lys- og skuggeverknadene.

Draperi i kunsthistoria

Draperiet har vore framstilt i fleire kunsthistoriske periodar, òg før barokken:

  • antikken

  • mellomalderen

  • renessansen

Vi finn draperia særleg i klednad.

Draperi i barokken

Den dramatiske bruken av draperi i barokken blir eit viktig romskapande verkemiddel som skaper illusjon av rørsle med diagonale og organiske linjer i rommet. Draperi blir brukte både i måleri, interiør og i skulptur. Draperia er ofte kostbare tekstil som silke, fløyel og brokade.

Del 1: Fagomgrep

Les artikkelen "Biletkunst i barokken", og repeter fagstoff frå artiklane om valør og om tekstur frå vg1.


Forklar desse omgrepa i skisseboka di:

  • barokken

  • draperi

  • djupneskapande verkemiddel

  • lys-mørk-kontrast

  • visuell tekstur

  • chiaroscuro

  • vanitas

Del 2: Gjengi to utsnitt frå draperi

Finn eitt eller fleire måleri frå barokken der bruken av draperi er tydeleg, og skriv dei ut i A3-format. Du kan til dømes velje eit verk frå samlinga av kunstverk frå barokken på Google Arts & Culture.

Bruk eit søkarvindauge på 10 x 10 centimeter og leit etter gode komposisjonar med dynamiske linjer. Vel to utsnitt du vil arbeide vidare med.

A) Teikn eit utsnitt av eit draperi i gråtonar

Studer linjene og bruk teikneblyantar, krit eller kol til å teikne utsnittet dobbelt så stort (20 x 20 centimeter). Legg merke til korleis lys- og skuggeverknaden skaper djupne. Jobb med valørar og få fram foldane i tekstilet.

Studer gjerne korleis andre har jobba med valørar i draperi i

B) Teikn eller mål eit utsnitt av eit draperi i fargar

Forstørr det andre utsnittet på same måte, og bruk ein valfri fargeleggingsteknikk. Øv på å framstille tekstur. Studer lys- og skuggeverknader, og bruk ulike valørar i fargetonane til å skape djupne.

Del 3: Draper ei flaske

Jobb saman i grupper på to–tre personar. Plassar ei flaske på eit bord og legg eit einsfarga tekstil over henne. Draper tekstilet og skap ein spennande komposisjon. Lysset motivet med ei lampe slik at de får sterk kontrast mellom lys og skugge.

Etterpå skal alle i gruppa lage kvar si studieteikning av motivet. Bruk kvitt krit eller kvit blyant på svart papir (A3) og hent fram lyset. Øv på å skape mjuke overgangar og på å få fram djupneverknad i draperiet.

Del 4: Fordjupingsoppgåve med draperi som tema

Bruk kunnskapane dine om barokken og om moglegheitene i draperiet kreativt.
Vel sjølv kva format og kva teknikkar du vil bruke.

Ta med ei eller fleire tilvisingar til barokken. Det kan til dømes vere bruk av fargar, dramatikk, sterke kjensler, chiaroscuro, vanitas eller andre element frå barokke kunstverk.

Nokre alternativ kan vere:

  • Set opp eit stilleben med draperi og ulike gjenstandar.

  • Pakk inn ein gjenstand i eit stykke tekstil.

  • Bruk ein medelev som modell, eller ta eit foto som viser eit utsnitt av klede med foldar.

  • Legg eit stykke tekstil laust på bordet, eller knyt det saman. Studer og gjengi dei ulike foldane.

  • Teikn ein barokk engel med draperi. Her kan du til dømes bruke akvarellmåling og .

Arbeidsprosess

Idémyldring

Teikn raske skisser der du prøver ut ulike idéar i skisseboka di.
Skriv korte kommentarar til skissene.

Idéutvikling

  1. Vel den beste idéen og tilpass han slik at det er realistisk å komme i mål innan tidsfristen.

  2. Bruk erfaringane dine frå del 2 og 3 og beskriv motiv og teknikk gjennom raske skisser. Prøv å få til ein kreativ vri slik at du løftar idéen din.

Planlegg og gjennomfør arbeidsprosessen

Avgrens omfanget slik at du rekk å bli ferdig med arbeidet ditt innan fristen. Ta med alt utstyret du treng, og gjennomfør planen din. Fotografer undervegs i arbeidsprosessen.

Gi gjerne det ferdige verket ditt ein tittel, og ta gode bilete av resultatet.

Dokumentasjon

Beskriv idéutviklinga di, og grunngi vala du har teke undervegs. Set inn foto frå arbeidsprosessen din og av det ferdige verket. Forklar korleis du har brukt visuelle verkemiddel, og kva samanheng verket ditt har med barokken. Avslutt med å vurdere kvaliteten i arbeidet ditt.

Innlevering

Dette skal leverast inn:

  • utsnitt av draperi

  • teikning av "flaskedraperi"

  • skissebok med

    • ordforklaringar

    • skisser med kommentarar

    • dokumentasjon av fordjupingsoppgåva

  • ferdig resultat av fordjupingsoppgåva

Relatert innhald

Illusjon av djupne

Når vi teiknar, kan det vere ei utfordring å skape inntrykk av rom og djupne. Her ser vi på ulike verkemiddel du kan bruke.

Valørar i fargar

Valørar er lys- og mørkenivået til fargane, og gråtonane mellom kvitt og svart blir kalla valørar. Lær korleis du kan bruke valørar til å skape djupne i måleri.

Skrive av Unni Karoline Bakke og Inger Gilje Sporaland.
Sist oppdatert 20.02.2026