Hopp til innhald
Nynorsk
Fagstoff

Valørar i fargar

Korleis kan du skape liv og djupne i eit bilete? Eit grunnleggande verkemiddel i måleri er valørar, graden av lys eller mørke i fargane. Vi skal sjå nærare på korleis du kan få fram lys og skugge ved å bruke ulike valørar.

Valørar mellom kvitt og svart

Dei ulike gråtonane har ulik lysheit, og vi kallar gråtonane mellom kvitt og svart for valørar. Vi kan dele gråtonane inn i ein skala som går frå lyst til mørkt.

Valørar blir òg brukte om farge

Valørar er ikkje berre gråtonar. Vi snakkar òg om valør når vi beskriv lysstyrken i kulørte fargar, det vil seie fargane du finn i fargesirkelen. For å vurdere graden av lys eller mørke i ein farge kan vi samanlikne han med gråtoneskalaen.

Fargane i fargesirkelen får mindre kulørtheit når du blandar inn kvitt og/eller svart.

Komposisjonane under har likskap i valørar, sjølv om den eine er laga i gråtonar og den andre i nyansar av blått.

Lys og skugge skaper djupne

I emnet om teikneteknikkar ser vi på korleis du kan bruke gråtonane til å gjengi lys- og skuggeverknader. Du kan modellere ei form på same måte når du jobbar med fargar. Bruk lysare valørar der lyset treffer objekta, og mørkare valørar der skuggar fell. Slik kan du få djupneverknad, og du kan plassere figuren i eit rom. Skuggen som blir danna på sjølve forma, kallar vi eigenskugge, mens skuggen på underlaget heiter slagskugge.

Det er ikkje berre den direkte lyskjelda som er med på å definere forma. Også indirekte lys som blir reflektert frå omgivnadene, verkar inn. Legg merke til at lyset blir kasta tilbake frå underlaget viss du set eit eple på eit kvitt ark. Dette skaper ein refleksjon på eplet. Denne refleksen kan vere med på å gi liv til teikninga di.

I biletet under viser vi eit døme på korleis du kan skape djupneverknad ved å bruke ulik lysheitsgrad i fargane.

Relatert innhald

Valør

Gråtonane mellom kvitt og svart blir kalla valørar. Lær korleis du kan bruke valørar til å skape djupneverknad i teikningane dine.

Skrive av Inger Gilje Sporaland og Annlaug Auestad.
Sist oppdatert 10.04.2025