Hopp til innhald
Nynorsk

Fag

Oppgåve
Interaktivt innhald

Lag eit måleri inspirert av renessansen

La deg inspirere av eit eller fleire måleri frå renessansen. Undersøk kva som er typisk for perioden, forenkle motivet du har valt, og leik med dine eigne fargar. Du kan bruke motiv frå fleire måleri, men arbeid med å gjere uttrykket til ditt eige. Kombiner gjerne med element frå vår eiga tid.

Til læraren

Utforsking

Ei god kjelde for å utforske perioden kan vere bileta frå renessansen på Google Arts & Culture.

Lerret

Å skape eit måleri heilt frå grunnen av kan gi ei eiga stoltheit. Elevane oppnår materialkunnskap og erfaring med samanføying og montering gjennom å lage sitt eige lerret. Dette krev at de bereknar ei veke ekstra til å lage blindrammer og til å trekke, mette og grunne lerreta.

Utstyr til lerret

  • lekter, trelim og stiftemaskin til blindrammene

  • lerretsstoff

  • trelim til limvask

  • kvitmåling til å grunne lerreta med

Overføring av motiv til lerret/bokpapp

Dersom de har ein overheadprojektor tilgjengeleg, kan dette hjelpe elevane med å overføre motiva til store format på ein enkel måte.

Utstyr

  • akrylmåling

  • penslar

  • vassglas

  • teikne- og skissepapir / skissebok

  • teikne- og fargeblyantar

  • kolstift

  • bokpapp eller lerret (lag gjerne ditt eige). Vel mellom kvadratisk, ståande eller liggande format, minimum A3-storleik, maksimum 110 cm x 110 cm.

  • tørkepapir

  • beskyttelse til arbeidsbord

Del 1: Gjer deg kjend med renessansen som periode

Svar på spørsmåla under etter at du har lese artikkelen "Kunst i renessansen".
Finn biletdøme til det du beskriv.

  1. Kva er spesielt for renessansemåleri?

  2. Kva motiv er typiske for perioden?

  3. Korleis vil du beskrive fargebruken?

  4. Nemn nokre kjende kunstnarar frå denne perioden og beskriv dei kort.

Del 2: Finn inspirasjon

Samle idéar og inspirasjon frå kunst og kultur i renessansen og monter det på eit inspirasjonsark. Du finn ein artikkel om inspirasjonsark her.

Del 3: Idéutvikling

I denne fasen skal du konsentrere deg om å utvikle idéar og gjere uttrykket til ditt eige:

  • Vel eit eller to måleri frå renessansen som du vil ta utgangspunkt i i oppgåva.
    Kva blir du fascinert av, og kva kan du tenke deg å jobbe vidare med?

  • Tilfør gjerne element frå vår eiga tid.

  • Kommenter kvar skisse med faglege stikkord, og beskriv kort dei vala du tek.

Forenkling

Ta utgangspunkt i nokre element i måleriet/måleria du har valt. Jobb med å forenkle motiva og gi dei gjerne eit stilisert uttrykk. Teikn fleire skisser der du prøver ut ulike uttrykk.

Komposisjon

Bestem deg for format og eksperimenter med å plassere motivet på ulike måtar:

  • Tenk på utsnitt. Kor nært innpå motivet vil du gå?

  • Korleis vil du plassere motivet inn i ein samanheng?
    Bruk komposisjonsprinsippa når du set elementa dine saman.

  • Korleis kan du leie blikket mot det som blir viktigast i biletet ditt?

  • Er det aktuelt å bruke perspektiv?

Eksperimenter med teknikkar

  • Prøv ut ulike måleteknikkar i A5-format. Du finn ein artikkel om akrylmåling og måleteknikkar her.

  • Kombiner gjerne fleire teknikkar og uttrykk i same skisse.
    Du kan til dømes bruke både kol og akrylmåling i same utprøving.

  • Kommenter kvar skisse fagleg med korte kommentarar.

Fargekontrastar

Prøv ut ulike fargekontrastar for å få fram ulike stemningar.

Johannes Ittens sju fargekontrastar

Del 4: Gjennomføring

  • Overfør motivet ditt til lerretet/bokpappen med kolstift.

  • Tørk forsiktig bort overflødig støv frå kolstiften.

  • Start med å måle hovudflatene i bakgrunnen.

  • Jobb deg framover i motivet. Stopp undervegs og vurder biletet ditt på avstand før du held fram.

  • Stopp opp undervegs, og lytt til råd frå lærar og medelevar. Sjå kvifor det er lurt, i artikkelen om prosess-stopp.

  • Gjer måleriet ditt ferdig. (Stopp i tide.)

Del 5: Prosesshefte

Dokumenter arbeidsprosessen din. Bruk mappa di til å samle innhald, eller lag eit digitalt hefte. Du kan få ei oversikt over kva som bør vere med der, i artikkelen om prosesshefte.

  • Ta med svara frå del 1 og beskriv kunstverka du har latt deg inspirere av.

  • Gi ei kort beskriving av din eigen arbeidsprosess frå idé til ferdig produkt. Grunngi vala du har teke undervegs i prosessen, fagleg.

  • Legg ved skisser og monter dei på eit A3‑ark saman med korte faglege kommentarar.

  • Beskriv kva komposisjonsprinsipp du har brukt og kva du oppnår du med dette.

  • Beskriv kva fargekontrastar du har brukt, og kva slags verknad dette får.

  • Vurder det ferdige produktet og di eiga læring gjennom prosjektet.

Del 6: Utstilling

Tenk komposisjon, og samarbeid om å stille ut måleria de har laga. Heng gjerne opp ein hyssing som kan hjelpe dykk til å halde bileta i same høgde.

Relatert innhald

Stilisering – kva er det?

Stilisering er når vi framstiller noko mykje meir forenkla enn det er i verkelegheita. Stiliseringa må ha nok likskap til at vi kan kjenne att kva det er.

Komposisjon i kunst

Komposisjon hjelper deg å formidle bodskapen din meir effektivt. Komposisjon blir brukt i måleri, foto, i fysiske kunstverk og samlingar av kunstverk.

Skrive av Lizann Mikkelsen Tapper og Inger Gilje Sporaland.
Sist oppdatert 14.02.2025