Hopp til innhald
Nynorsk

Fag

Fagstoff

Akrylmåling og måleteknikkar

Akrylmåling er godt eigna både til måleri og til å måle på gjenstandar. Her finn du ei oversikt over kva akrylmåling er, og kva slags utstyr du treng, før du får innføring i ulike teknikkar. La deg inspirere og utforsk moglegheitene!

Akrylmåling

Akrylmåling er fargepigment blanda med eit plastbasert bindemiddel. Når fukta i målinga fordampar, blir målinga hard og vassfast. Du kan bruke målinga rett frå tuben eller tynne henne ut med vatn.

Akrylmåling tørkar fort og passar godt til å måle lag på lag. Det kan vere lurt å spraye på litt vatn og legge plastfolie over paletten viss du tek ein pause i måleprosessen.

Dyr og billig måling

Du får kjøpt akrylmåling i mange kvalitetar. Nokre typar måling er dyrare enn andre fordi dei har meir fargepigment og mindre fyllstoff. Kunstnarar bruker gjerne desse dyrare kvalitetane og tynnar ut målinga sjølve for dei teknikkane som krev tynnare måling. Tjukk måling dekker godt, mens med tynn måling kan du få til gjennomsiktigheit. Du kan blande dei ulike fargane for å få nye nyansar.

Måleutstyr

I tillegg til vanleg måleutstyr kan bruke ting du har liggande. Det kan vere ein ispinne, ein svamp, eit gammalt bankkort eller ein pappbit. Ulike måtar å påføre målinga på gjer noko med uttrykket.

Penslar og palettkniv

Penslar kan ha stiv eller mjuk bust. Prøv gjerne begge typar for å finne ut kva som passar deg og måleprosjektet ditt. Vaskar du penslane godt etter bruk, kan du ha dei lenge. Du kan òg påføre måling med palettkniv. Det gir ein annan effekt enn med pensel. Brukar du ein silikonpensel, som ikkje har bust, men ei fleksibel plate av silikon, kan du fordele målinga i tjukke, jamne lag.

Palettar

Du kan sjølvsagt kjøpe ein palett til å blande målinga på, men du kan òg bruke ein tallerken, ein bit emballasje av plast eller ei papplate dekt med plastfolie.

Kva skal du måle på?

Du kan måle med akrylmåling på nesten kva som helst. For måleri er det vanleg å bruke rammer med lerretsstoff eller plater av tre eller papp. Viss du målar eit første strøk på underlaget med ei tynnare, rimelegare måling, treng du mindre måling på sjølve motivet. Dette kallar vi å grunne.

Unngå søl

Akrylmåling kan vere vanskeleg å fjerne frå arbeidsbord og klede. Bruk papir for å beskytte flater du ikkje bør få måling på, og ha på klede du ikkje er redd for, når du skal måle.

Måleteknikkar

Lavering

Lavering er ein teknikk der du målar tynne, gjennomsiktige lag av måling for å bygge opp jamne flater. Akrylmåling kan tynnast ut med vatn eller eit tynningsmiddel for å oppnå ein akvarelleffekt.

Viss du vil ha ei jamn lavering, må du jobbe raskt og bruke ein brei pensel som held godt på væske. Start øvst på flata og mål i horisontale strøk, slik at du dreg med deg målinga frå førre strøk. Viss du stoppar undervegs eller bruker for lite vatn, kan det oppstå skjoldar.

Teknikken passar òg godt til å skape mjuke, overgangar mellom fargenyansar. Du kan til dømes bruke han til å lage ein himmel eller til store flater i bakgrunnen.

Vått-i-vått

Vått-i-vått-teknikken inneber å måle med våt, uttynnt måling på ei fuktig flate. Når målinga er svært flytande, vil fargane flyte saman og skape mjuke, overgangar. Mengda vatn påverkar kor mykje kontroll du har over resultatet – jo meir vatn, desto meir uføreseielege og diffuse kan overgangane bli.

Teknikken kan eigne seg godt til tåkelandskap, refleksjonar i vatn, skyar og abstrakte bakgrunnar.

Tørrkost-teknikk

Viss du bruker ein tørr pensel med lite måling, får du målingsstrøk som har ein grov og kritaktig effekt. Du kan utnytte djupneverknaden som oppstår når laga under skin gjennom målingsstrøka.

Teknikken eignar seg godt for å lage teksturar og høglys på objekt. Det kan til dømes vere overflata på ei fjellside, glitter i snø eller i vatn.

Maskeringsteip

Maskeringsteip kan brukast til å skape skarpe linjer og avgrensa former. Du kan legge fleire lag med maskeringsteip over kvarandre.

Viss du vil ha ein bakgrunnsfarge, målar du denne først. Når bakgrunnen er tørr, set du på maskeringsteip og målar over. Fjern teipen forsiktig når det siste strøket er tørt. På eit glatt underlag er det lettare å få til god kontakt mellom teipen og flata du målar på. Då blir kantane ekstra skarpe. På eit meir ujamt underlag kan målinga trekke litt inn under teipen.

Bruk av maskeringsteip kan hjelpe deg til å skape grafiske uttrykk, arkitektur og geometriske mønster. Teknikken passar generelt godt der du treng heilt skarpe kantar.

Harde og mjuke kantar

For å få til harde kantar lar du ein farge tørke heilt før du målar ved sida av han. Då unngår du at målingsstrøka glir over i kvarandre. Dette kan du bruke når du målar gjenstandar som skal skilje seg tydeleg ut frå bakgrunnen. Harde kantar skaper kontrast. Ei raud tomat på eit bord har skarpe kantar som vil skilje ho godt i frå bakgrunnen.

For å få mjuke kantar bruker du ein pensel til å blande fargane mens målinga framleis er våt. Du treng mjukare overgangar for å få til lys og skugge på eit avrunda objekt eller viss objektet skal vere meir diffust i forhold til bakgrunnen. Dei lyse og mørke valørane av raudfargar på ei tomat vil ha mjukare kantar på flatene som skal gli over i kvarandre.

Impasto

Impasto er ein teknikk der du påfører måling i tjukke lag slik at penselstrøka eller rørslene til palettkniven blir synlege. Du kan bruke målinga rett frå tuben. Nokre kunstnarar blandar inn fyllstoff som gjer målinga ekstra fyldig.

Teknikken skaper ein tredimensjonal effekt og blir ofte brukt i ekspressive måleri.

Sgrafitto

Når du skrapar i målingsflatene mens målinga enno er våt, vil det som er under målinga, visast gjennom. Denne teknikken blir kalla sgrafitto. Du kan bruke spissen på penselsskaftet, ein palettkniv eller ein spiss pinne til å skrape med. Du kan lage linjer og mønster i den våte målinga.

Sgrafitto kan gi ein dekorativ effekt og kan brukast til detaljar som til dømes hår, gras eller tekstur i overflater.

Skvette- og drypeteknikk

Nokre kunstnarar liker å la tilfeldige målingsflekker live opp måleriet. Hald busta på ein stiv pensel eller ein gammal tannkost over flata du vil ha prikkar på. Bøy og slepp busta med fingrane slik at små dropar med måling fyk frå busta til måleriet. Ein veldig våt pensel som blir slyngd med kraft mot måleriet, kan gi meir dramatiske flekker. Du kan òg drype måling på eit måleri.

Bruk teknikken til å lage teksturar i ei flate eller til å skape ein dramatisk effekt.

Eksperimenter med teknikkane

Test ut teknikkane som er beskrivne i artikkelen, og jobb med moglegheitene dette gir.

Her er ei liste over teknikkane:

  • lavering

  • vått-i-vått

  • tørrkost-teknikk

  • maskeringsteip

  • harde og mjuke kantar

  • impasto

  • sgrafitto

  • skvette- og drypeteknikk

Miljøvennleg reingjering av penselen

Akrylmåling er ei form for plast og må behandlast ansvarleg med tanke på utslepp av det som kan bli til mikroplast i naturen.

Du treng tørkepapir og ein behaldar med reint vatn. Bruk tørkepapiret til å fjerne så mykje måling du kan, frå penselen. Dypp penselen i vatnet for å fukte han, men utan å vere nær kantane og botnen av behaldaren. Prøv å få så lite måling som mogleg i vatnet. Ta opp penselen igjen og mål over tørkepapiret. Du vil sjå at meir pigment forsvinn frå penselen og over på papiret. Gjenta dette i fleire omgangar til det ikkje kjem meir pigment frå penselen. No er penselen rein nok til å byte farge.

Når du er ferdig med å måle, kan du avslutte reingjeringa ved å skylje penselen ein siste gong. Til slutt tørkar du penselen i same retning som penselshåra går ut av festet. La penselen tørke liggande for å unngå at fukt renn ned i bustfestet. Når han er heilt tørr, kan han lagrast med busta oppover i eit glas.

Skrive av Bjørn-Ole Schjølberg.
Sist oppdatert 07.05.2025