Hopp til innhald
Nynorsk

Fag

Oppgåve

Akvarellmåling trinn for trinn

Har du lyst å lære å måle akvarellar? Då kan du følge denne instruksjonen trinn for trinn. Med same framgangsmåte kan du måle kva motiv som helst. Her startar vi med å studere former og fargar i eit fotografi av nokre tomatar.

Øving i å måle med akvarellmåling

Viss du følger alle trinna i denne øvinga, lærer du mykje om korleis du kan meistre akvarellmåling. Du bør bruke eit papir som er berekna for akvarellmåling og som toler at du bruker penselen til å omarbeide overflata etter at målinga er tørr.

1. Teikn opp motivet

Akvarellmåling er mykje enklare når du teiknar opp motivet på førehand. Teikn med svake blyantstrekar slik at papiret ikkje blir skadd. Eit alternativ til gråblyant er å bruke vasslauslege fargeblyantar. Strekane frå dei vil løyse seg opp når du målar, og bli ein usynleg del av akvarellen. Finn dei fargane som passar med det motivet du skal måle.

Hugs å markere kvar det skal vere høglys. Der bør du behalde det kvite i papiret.

2. Første strøk med måling

Start med å måle dei grøne delane av tomatane med eit lyst, tynt lag med måling. Ikkje bruk for våt pensel. Eit slikt lag med tynn måling blir kalla ei lavering. Det gjer ingenting om fargen blir ujamn. Du skal legge fleire lag over dei første laveringane.

La fargen tørke heilt før neste trinn.

3. Første lag på tomatane

Når det du allereie har måla, har tørka, skal du legge på neste lavering. I dette dømet er raudfargen blanda inn med litt gult for å gi ein litt varmare tone.

No er det viktig at du unngår å måle over dei stadene du har markert for høglys på kvar tomat. Ein pensel med god spiss er fin å bruke til dette trinnet.

4. Valørar og utjamning

No er tida inne for å legge på lag med måling som har tjukkare konsistens. Sjå nøye på referansebiletet for å finne dei mørke valørane.

Skape djupare valørar

Du kan blande djupare valørar av grønfargen ved å blande inn litt av raudfargen. Desse fargane er jo komplementære. I dømet er det blanda inn raudleg brunt for dei mørkaste valørane av grønt. Dei djupaste valørane av raudt er måla ved å bruke tjukkare konsistens på målinga.

Løfte ut og jamne ut måling

For å få lysare parti og mjukare, meir utjamna kantar rundt høglysa og på stilkane, er målinga på papiret fukta opp igjen og løfta ut. Til denne teknikken treng du ein rein pensel. Dypp han i vatn, men tørk av vatnet på eit tørkepapir slik at han berre er fuktig. Deretter går du over med penselen for å løyse opp målinga på papiret. Pigmenta kan då løftast ut ved å trykke lett med tørkepapiret. Du kan òg jamne ut og flytte pigmenta på papiret. Skyl og tørk penselen undervegs for å unngå å få måling på stader der du ikkje ønsker det.

5. Bakgrunnsfarge

Du treng ikkje å kopiere fotografiet. For å få eit meir interessant uttrykk har vi lagt motivet på ein jamn, gul bakgrunn. Du kan prøve andre bakgrunnsfargar viss du vil.

6. Dei siste justeringane

Det er ein kunst i seg sjølv å vite når biletet er ferdig. Det går alltid an å gjere litt meir. Her er uttrykket forsterka ved å legge på ekstra varme i bakgrunnsfargen og ved å gjere dei raude valørane i tomatane djupare.

Relatert innhald

Akvarellmåling

Akvarellmåling er praktisk og lett å ta med seg. Fargelaga er gjennomsiktige, og du kan bruke akvarellmåling både til skisser og ferdige kunstverk.

Skrive av Bjørn-Ole Schjølberg.
Sist oppdatert 07.05.2025