Hopp til innhald
Nynorsk
Fagstoff
Interaktivt innhald

Biletkunst i barokken

Drama var viktig i barokkmåleria. Bileta kunne fortelje historier fulle av sterke kjensler og store kontrastar. Her skal vi utforske kva som kjenneteiknar måleriet i perioden frå slutten av 1500-talet til midt på 1700-talet, og vi ser nærare på nokre sentrale barokk-kunstnarar i Sør-Europa.

Tenk over

Ordet barokk kjem frå det portugisiske ordet barroco som betyr ei ujamn perle. Først blei nemninga brukt som skjellsord om noko som var grotesk og fælt.

Sjå gjennom bileta på denne sida, og tenk over kvifor barokk blei brukt negativt i etterkant av perioden.

Barokken (cirka 1600–1750)

Utviklinga av barokken starta i Roma sist på 1500-talet og breidde seg vidare i Europa. Biletkunstnarane ville fortelje historier og engasjere og fascinere publikummet sitt. Dei skapte store, praktfulle verk med mange figurar og detaljar. Motiva var ofte dramatiske scenar frå Bibelen eller frå , der personane viser sterke kjensler gjennom ansiktsuttrykk og kroppsspråk.

Kunstnarane ville vise verkelegheita og brukte vanlege menneske som modellar. Overflater som hud, stoff og metall blei gjengitt på ein realistisk måte. Kunstnarane jobba med perspektiv for å skape djupne, samtidig som dei ville gi inntrykk av dramatikk og rørsle i bileta.

Caravaggio (1571–1610)

Michelangelo da Caravaggio er ein av dei viktigaste kunstnarane frå barokken. Han fornya det italienske måleriet tidleg på 1600-talet, og stilen hans har påverka mange kunstnarar etter han.

Bibelske motiv

Motiva Caravaggio måla, var ofte religiøse, men han presenterte dei på ein ny og uventa måte. Han skildra helgenar og bibelske figurar med menneskelege trekk og kjensler.

Kontrast mellom lys og mørke

Caravaggio utnytta kontrasten mellom lys og mørke for å skape djupne og drama i bileta sine. Denne teknikken kallar vi chiaroscuro. Han kunne setje sterkt lys på ansikt og hender i forgrunnen for å skape ein kontrast til den mørke bakgrunnen. Slik kunne han gi måleria ein dramatisk effekt og framheve kjenslene i scenane.

Artemisia Gentileschi (1593–1653)

Artemisia Gentileschi vaks opp i Roma. Der fekk ho utdanning i verkstaden til faren, målaren Orazio Gentileschi. Ho var den første kvinna som blei godteken av kunstakademiet i Firenze.

Artemisia Gentileschi arbeidde sjølvstendig i Firenze, Napoli, Venezia og London der ho fekk store oppdrag frå kunstsamlarar. Ho blei anerkjend av si eiga samtid, sjølv om ho levde i ei mannsdominert kunstverd.

Kontrast mellom lys og mørke

Gentileschi var tydeleg inspirert av Caravaggio. Ho bruker òg teknikken chiaroscuro der lyset i forgrunnen blir ein sterk kontrast til den mørke bakgrunnen.

Motiva

Gentileschi måla ofte i store format, og bileta hennar er kjende for intensitet. Ho kunne framstille kjende bibelske forteljingar på nye måtar. Kvinnesynet i dåtida kjem fram i motiva, men ho tek perspektivet til kvinnene og gjengir sterke og dynamiske damer.

Elisabetta Sirani (1638–1665)

Elisabetta Sirani var ein allsidig målar, som hadde historiemåleriet som sitt spesialområde. Ho blei undervist av far sin og begynte tidleg ein kunstnarisk karriere. Seinare grunnla ho sin eigen kunstskule i Bologna.

Sirani forlet aldri Bologna, men måleria hennar blei kjende internasjonalt. Ho fekk mange store oppdrag, og fleire kjende personar tok turen til Bologna for å sjå henne arbeide. Ho etterlet seg ei stor samling.

Målarteknisk var Sirani god, og verka hennar har avansert fargebruk. Ho kunne bygge opp krevjande komposisjonar med mange personar. Bileta hennar viser sjølvtryggleik, særleg etter at ho hadde fått offentlege bestillingar, som å måle Jesu dåp til ei kyrkje i Bologna. Det var svært sjeldan at ein kvinneleg kunstnar fekk tildelt slike ærefulle oppdrag.

Tenk over

Kvifor har vi så få kvinnelege kunstnarar frå denne perioden?

El Greco (1541–1614)

El Greco (grekaren) var ein spansk målar som opphavleg kom frå den greske øya Kreta. Han blir rekna som ein av dei viktigaste kunstnarane i overgangen frå europeisk renessanse og til barokken.

Målarstil

El Greco hadde ein spesiell målarstil. Dramatiske komposisjonar, langstrekte figurar og intense fargar kjenneteiknar måleria hans. Han brukte gjerne til å framkalle sterke kjensler.

Kunstnarane som kom etter han, vidareførte ikkje denne uttrykksforma, men den spesielle målarstilen og fargekombinasjonane gav seinare inspirasjon til ekspresjonismen og 1900-talskunstnarar som Picasso og Jackson Pollock.

Tenk over

El Greco skal ha sagt:

"Du må studere meistrane, men hald på den originale stilen din, den som pulserer i sjela di. Løft sverd mot den som prøver å stele han" (Hardeberg, 2024).

Korleis synest du denne haldninga blir vist i måleria hans?

Diego Velázquez (1559–1660)

Diego Velázquez var òg ein spansk målar og er ein av dei viktigaste kunstnarane frå barokken. Han var sterkt inspirert av Caravaggio og oppteken av å gjengi verkelegheita så nøyaktig som mogleg. Som kunstnar måla han på ein ærleg og usminka måte. I staden for å idealisere modellane sine fekk han fram særeigne trekk.

Motiv

Velasquez hadde sin eigen verkstad og spesialiserte seg på , portrett og dagleglivet til bøndene.

I 1623 blei han ein del av det spanske hoffet, og frå då av måla han mest portrett av den kongelege familien. I denne perioden måla han eit av dei mest kjende gruppeportretta sine: Hoff-frøknene, Las Meninas (1656).

Farge, lys og rom

Velázquez brukte fargane til å skape skilje mellom forgrunn og bakgrunn. Djupe, varme fargetonar kunne stå i sterk kontrast til lyse pastelltonar i forgrunnen. Dette var med på å skape djupne i bileta hans.

Teknikk

Penselstrøka hans kunne vere kjappe, ein målarstil som impresjonistane utvikla vidare over to hundre år seinare. Denne målarteknikken gjer verka levande og intense. Vi som ser måleriet, kan få ei kjensle av å vere til stades akkurat no.

Kva har du lært?

Kjelder

Dahl, T. E., Bakka, E., Rygg Rønneberg, M. L. & Vatne, K. (1994). Relieff. Gyldendal Norsk Forlag.

Dynna, C. (2025, 24. februar). El Greco. I Store norske leksikon. https://snl.no/El_Greco

Hardeberg, K. T. G. (Programleder). (2024, 21. mai). El Greco – en maler utenom det vanlige. [Audiopodkast-episode]. I Kunsthistorier. https://kristinehardeberg.podbean.com/e/el-greco-en-maler-utenom-det-vanlige/

Kolrud, K. (2023, 1. august). Elisabetta Sirani. I Store norske leksikon https://snl.no/Elisabetta_Sirani

Nordhagen, P. J. & Kårstad, S. H. (2025, 24. februar). Artemisia Gentileschi. I Store norske leksikon. https://snl.no/Artemisia_Gentileschi

Store norske leksikon (2005-2007). El Greco . I Store norske leksikon. https://snl.no/El_Greco

Tschudi-Madsen, S. (2025, 21. februar). Diego Velázquez. I Store norske leksikon. https://snl.no/Diego_Vel%C3%A1zquez

Vold, T. & Rise, H. (2023, 26. januar). Barokken. I Store norske leksikon. https://snl.no/barokken

Skrive av Lizann Mikkelsen Tapper og Inger Gilje Sporaland.
Sist oppdatert 14.05.2025