Hopp til innhald
Nynorsk
Oppgåve
Video

Ei skisse om dagen!

Korleis kan du "sveive teiknearmen i gang" og utvikle deg som teiknar? Bestem deg for å teikne ei lita teikning kvar dag i ein periode, om det så berre er ein strek på papiret. Ikkje legg lista høgare enn at du klarer å gjennomføre prosjektet.

Del 1: La deg inspirere av Sverres prosjekt

Film om å teikne ei skisse kvar dag

For å bli flink til å teikne må du øve regelmessig. Sverre Skjold er illustratør, biletkunstnar og lærar i videregåande skule. I filmen under (lengde 5:18) fortel han om prosjektet sitt.

Video: Jarle Sten Olsen / CC BY-ND 4.0

Film om "fantastiske feil"

Alt går ikkje alltid som planlagt. I filmen under (lengde 1:55) ser vi korleis ein cappuccinoflekk på eit kvitt ark blir utgangspunkt for vidare fabulering. La deg inspirere til å jobbe og kreativt når du skal teikne dagens skisse. Ikkje gi opp fordi noko går utanom planen. Prøv heller om du kan dekke over eller gjere noko anna ut av "feil" i teikninga.

Video: Jarle Sten Olsen / CC BY-ND 4.0

Del 2: Lag rammer for ditt eige prosjekt

  1. Bestem deg for å teikne minst ei skisse kvar dag i ein periode. De kan kanskje bli einige i klassen om å ha ei felles tidsramme. Det kan til dømes vere fram til haustferien eller mellom haustferien og jul.

  2. Sverre gir nokre råd i filmen Ei skisse om dagen:

    • Trening hjelper! Trening over tid med ein plan er aller best.

    • Ikkje tenk at du skal lage eit meisterverk kvar gong du teiknar. Legg lista så lågt at du klarer å gjennomføre prosjektet over tid. Minstekravet kan vere at det er nok å teikne ein strek på eit ark kvar dag.

    Bruk Sverres råd, eller lag nokre eigne heilt enkle reglar for gjennomføringa.

  3. Ta vare på alle skissene dine. Når perioden er over, skal du samanlikne den første med ei av dei siste.

    • Ser du noka utvikling i skissene dine?

    • Kva er du mest fornøgd etter å ha gjennomført prosjektet?

Relatert innhald

Skrive av Inger Gilje Sporaland.
Sist oppdatert 28.05.2025