Ei skisse om dagen!

Del 1: La deg inspirere av Sverres prosjekt
Film om å teikne ei skisse kvar dag
For å bli flink til å teikne må du øve regelmessig. Sverre Skjold er illustratør, biletkunstnar og lærar i videregåande skule. I filmen under (lengde 5:18) fortel han om prosjektet sitt.
Film om "fantastiske feil"
Alt går ikkje alltid som planlagt. I filmen under (lengde 1:55) ser vi korleis ein cappuccinoflekk på eit kvitt ark blir utgangspunkt for vidare fabulering. La deg inspirere til å jobbe intuitivt og kreativt når du skal teikne dagens skisse. Ikkje gi opp fordi noko går utanom planen. Prøv heller om du kan dekke over eller gjere noko anna ut av "feil" i teikninga.
Del 2: Lag rammer for ditt eige prosjekt
Bestem deg for å teikne minst ei skisse kvar dag i ein periode. De kan kanskje bli einige i klassen om å ha ei felles tidsramme. Det kan til dømes vere fram til haustferien eller mellom haustferien og jul.
Sverre gir nokre råd i filmen Ei skisse om dagen:
Trening hjelper! Trening over tid med ein plan er aller best.
Ikkje tenk at du skal lage eit meisterverk kvar gong du teiknar. Legg lista så lågt at du klarer å gjennomføre prosjektet over tid. Minstekravet kan vere at det er nok å teikne ein strek på eit ark kvar dag.
Bruk Sverres råd, eller lag nokre eigne heilt enkle reglar for gjennomføringa.
Ta vare på alle skissene dine. Når perioden er over, skal du samanlikne den første med ei av dei siste.
Ser du noka utvikling i skissene dine?
Kva er du mest fornøgd etter å ha gjennomført prosjektet?

Relatert innhald
Nettside hos tegnerforbundet.no