Hopp til innhald
Nynorsk
Oppgåve

Frå skisser til flater og fargeharmoni

No skal du jobbe både med observasjons- og førestillingsteikning. Start med å studere og teikne skisser frå nærmiljøet ditt. Etterpå skal du forenkle uttrykket. Finn spennande utsnitt og gjer teikninga di om til fargeflater som du klipper ut i silkepapir.

Til læraren

Eit mål for denne oppgåva er å la elevane erfare ulike måtar å teikne på og at dei skal vidareutvikle skissematerialet sitt til meir stiliserte, grafiske uttrykk.

Observasjonsteikning

Vi oppmodar elevane til gå ut i nærmiljøet for å teikne. Som inspirasjon kan dei bruke ressursen "Urban sketchers". Elevane kan òg ta med skissebok og teikne små utsnitt av det dei ser, viss klassen dreg på ei utstilling eller ei utflukt.

Eit anna alternativ kan vere å teikne skisser frå kunsthistoriebøker. Då går dei over til å gjengi frå noko todimensjonalt i staden for å observere tredimensjonal form i omgivnadene sine.

Inspirasjon frå kunsthistoria

I den siste delen av oppgåva er ikkje målet å skape rom i biletet, men å jobbe med form og setje saman fargeflater slik at dei harmonerer med kvarandre. For å sjå på korleis elementa er komponerte i biletflatene kan de bruke ingressbiletet frå ressursen "Kunst i oldtidas Egypt" og biletet av Baldisholteppet frå "Kunst i mellomalderen". De kan òg flette inn at det var først i renessansen kunstnarane blei opptekne av djupneskapande verkemiddel.

Vidare arbeid

Oppgåva kan vere eit utgangspunkt for å jobbe vidare med måleri. Då kan elevane måle motiva sine i større format og legge til ulike teksturar.

De kan òg bruke oppgåva som ein start på eit tverrfagleg prosjekt med design og arkitektur. Viss de ønsker å arbeide med emballasjedesign, kan de jobbe vidare med forenkling digitalt og lære om grafisk design.

Utstyr

  • teikneblyantar

  • skissebok/skissepapir

  • teiknepapir i A5-format

  • silkepapir i fleire fargar

  • linjal

  • saks

  • limstift

Del 1: Teikn skisser i nærmiljøet

Observasjonsteikning

Observasjonsteikning vil seie at du skal studere og teikne det du ser. Gå ut og la deg inspirere av omgivnadene dine.

Biletutsnitt

Biletutsnittet er kor nært innpå motivet du vel å gå. Du skal teikne små utsnitt av hus, bilar, tre eller andre objekt som du ser i gatene eller i naturen rundt skulen.

Bruk gjerne linjal til å dele skisseboksidene inn i små ruter: A5, A6 eller endå mindre. Slik kan du lage små utsnitt og skisse i rutene.

Del 2: Forenkle skissene dine

Tilbake i klasserommet skal du jobbe med å forenkle skissene dine. Du skal stilisere motivet ditt, og du kan òg jobbe med abstrakte flater viss du vil det. Ei abstrakt form liknar ikkje på noko du kan kjenne igjen frå verkelegheita. Du kan sjå korleis Piet Mondrian jobba med eit tre som motiv i artikkelen "Forenkling, stilisering, abstrahering".

I denne delen av oppgåva skal du bruke førestillingsteikning. Da står du fritt til å bruke fantasien. Målet er ikkje å skape djupne i biletet, men å jobbe med former. Tenk òg på formene som oppstår i mellomromma. Du kan lese meir om dette i artikkelen "Positiv og negativ form".

  1. Vel ei skisse du vil jobbe vidare med.

  2. Teikn fleire nye komposisjonar, eller jobb med å forenkle uttrykket i den komposisjonen du allereie har i skissa di. Gå gjerne tett på motivet og prøv ut nye utsnitt.

    Du kan arbeide med forenkling på eit lysbord eller legge matpapir/kalkerpapir oppå skissa di. Ei anna moglegheit er å fotografere motivet og jobbe vidare med det digitalt.

  3. Teikn komposisjonen du bestemmer deg for, på eit teikneark i A5-format.

    Du kan forstørre eller forminske motivet ved hjelp av ei kopieringsmaskin viss du har behov for det.


Del 3: Sett saman fargeflater

Silkepapir er fint å jobbe med. Du kan sjå gjennom det og teikne opp flatene frå komposisjonen din. Viss du legg fleire lag oppå kvarandre, oppnår du fargeblanding.

  1. Prøv ut ulike fargesamansetningar før du bestemmer deg for ein fargepalett du vil bruke.

  2. Lag ulike fargeskisser og prøv ut korleis du kan få fargeflatene til å harmonere med kvarandre.

  3. Teikn omrisset frå dei ulike flatene svakt med blyant på det silkepapiret du har valt.

  4. Klipp ut fargeflatene.

  5. Lim flatene saman på teiknepapiret. Pass på at silkepapiret ikkje krøllar seg.

Del 4: Prosesshefte

  1. Lever skissene dine saman med ei kort beskriving av korleis du opplevde det å teikne utsnitt frå omgivnadene dine.

  2. Beskriv og vis korleis du har forenkla motivet ditt. Kva val tok du før du kom fram til den endelege komposisjonen?

  3. Set inn foto av det ferdige biletet ditt. Beskriv fargebruken og kva du oppnår ved å setje saman reine fargeflater.

  4. Kva er du fornøgd med i arbeidsprosessen din og i det ferdige resultatet?

  5. Kva har du lært? Er det noko du ville gjort annleis viss du skulle gjere oppgåva på nytt?


Relatert innhald

Urban sketchers

Urban Sketchers er ein globalt fellesskap som arrangerer skisse- og teiknesamlingar. Dei har ein felles regel: å vise fram verda, ei teikning om gongen.

Skrive av Trine Mangersnes og Inger Gilje Sporaland.
Sist oppdatert 05.03.2025