Hopp til innhald
Nynorsk
Fagstoff

Skissedagbok på reise

Korleis kan du kombinere skisser og skriftleg tekst for å bevare minne? I ferien har du ofte betre tid enn elles til å teikne berre for fornøyelsen. Lag gjerne ei eiga skissedagbok for ei bestemd reise og fyll henne med skisser og notat frå denne turen.

Kreative stunder på reisa

Ei skissedagbok er ein stad der du kan utfolde deg kreativt. Her kan du kombinere skriftleg tekst, skisser og meir omarbeidde teikningar slik du sjølv ønsker. Bestem deg gjerne for eit oppsett. La arbeidet med skissedagboka bli ein lystprega, avslappande aktivitet der du er til stades akkurat der og då.

Skisser kan forsterke minne

Sjå etter motiv. Alt kan bli ei lita skisse som kan vere eit minne frå turen din. Anten det er eit tre, ein kopp på eit bord eller ei interessant utsikt. Ved å skisse observerer du detaljar på ein annan måte enn viss du til dømes skulle ha fotografert. Du får meir tid til å studere alle detaljane. Skissene gjer at du hugsar stadene og situasjonane betre etterpå, og dei blir til minne som er knytte til den personlege opplevinga di av augeblinken du var i.

Eigentid

Reiser kan stundom òg vere masete og stressande. Sett av litt tid kvar dag som berre er di. Denne tida kan brukast til å observere og lage skisser. Av og til passar det gjerne best å skisse i fem minutt, andre gonger har du lyst å bruke lengre tid. Ein dag er du kanskje meir i humør til berre å skrive ned nokre refleksjonar?

Bli kjent med nye folk

Ein effekt av å skisse i eit offentleg rom er at folk blir nysgjerrige og kanskje våger å ta kontakt med deg. Spesielt dei som er interesserte i teikning, kan vere nysgjerrige på ein positiv måte. Det kan hende at nokon blir inspirerte til ta fram blyant og si eiga skissebok etter møtet med deg. Aktiviteten å skisse kan altså føre til gode samtalar med interessante menneske.

Ikkje alle synest dette høyrest ut som ei merksemd dei ønsker seg. Plasseringa du vel, kan styre om folk tek kontakt med deg eller ikkje. Ein stad kan innby til dialog, mens viss du plasserer deg ein annan stad, får du vere i fred. Her må du avgjere sjølv.

Ein unik suvenir

I etterkant av reisa kan du besøke stadene på ny berre ved å bla gjennom skisseboka di. Skissene og notata dine vil vere verdifulle reiseminne som er unike for deg og opplevinga di.

La deg inspirere av andre

På nettet er det fleire som skisser i ei reisedagbok. Søker du på "travel journal ideas", kan du få tips og sjå fine døme. Hugs at du bestemmer sjølv korleis du vil bruke skissebok når du reiser. Det finst ingen fasit! Dette skal det vere gøy å drive med!

Frivillig oppgåve

Legg ein plan for korleis du kan bruke skissebok på den neste reisa di.

Skrive av Bjørn-Ole Schjølberg.
Sist oppdatert 04.09.2024