Hopp til innhald
Nynorsk
Fagstoff
Video

Førestillings- og observasjonsteikning

Du kan bruke teikning til å formidle tankar og idéar. Teikning kan òg vere ein fin måte å omarbeide synsinntrykk på. I læreplanen står det at du skal kunne bruke ulike teikneteknikkar i førestillings- og observasjonsteikning. Kva er eigentleg forskjellen på dei to omgrepa?

Førestillingsteikning

Vi kan gjenskape ei eiga verkelegheit som er knytt til erfaringane våre, når vi teiknar. Å bruke fantasien til å sjå for seg ulike motiv, kallar vi for førestillingsteikning.

Observasjonsteikning

Observasjonsteikning vil seie at du skal studere og teikne det du ser. Øv deg på å observere linjer, form og flater og på å gjengi dette på papiret. Jo meir du teiknar, dess betre blir din mellom auge og hand.

Når du studerer og teiknar mange ulike motiv, opparbeider du deg ein "visuell bank" som du òg kan bruke når du teiknar etter fantasien. Sverre Skjold er biletkunstnar, illustratør og lærar. I filmen under (lengde 2:30) forklarer han og viser døme på korleis han jobbar med observasjonsteikning i skisseboka si.

Video: Jarle Sten Olsen / CC BY-ND 4.0

Å teikne frå verkelegheita i staden for frå eit foto

Å "omsetje" det du ser i tre dimensjonar til eit todimensjonalt ark, er utfordrande. Det er lettare å teikne frå eit fotografi eller eit bilete fordi du då allereie har fått motivet ditt på ei todimensjonal flate. Men du blir flinkare til å observere form og til å gi att dette på papiret når du teiknar frå verkelegheita. Trikset er å øve og å teikne det du ser, i staden for det du veit.

Øving

Finn eit objekt frå kvardagslivet og set det opp framfor deg. Teikn dette etter beste evne. Bruk maks ti minutt. Jobb først med å gi att forma før du studerer lys- og skuggeverknader.

Relatert innhald

Skrive av Inger Gilje Sporaland.
Sist oppdatert 04.06.2025