Hopp til innhald
Nynorsk
Fagstoff
Video

Kva kan teikning vere?

Har du opplevd "å tenke med handa" eller at du kan gløyme alt rundt deg når du teiknar? Du kan bruke teikning som eit forarbeid til andre prosjekt, men teikning kan òg vere eit eige kunstnarisk uttrykk.

Tenk over

Kva knyter du til teikning?

Teikning som verktøy og eige uttrykk

Annlaug Auestad er illustratør og lærar i programfag på KDA. I filmen under (lengde 3:59) viser ho deg korleis ho bruker teikning som verktøy, men òg til å skape eit eige kunstnarisk uttrykk.

Video: Annlaug Auestad / CC BY-SA 4.0

Tenk over

Fekk du nokon nye tankar om kva teikning kan vere, etter å ha sett filmen?

Sverre Skjold er biletkunstnar, illustratør og lærar i vidaregåande skule. I filmen under (lengde 4:59) viser han deg korleis han bruker teikning til å uttrykke seg.

Video: Jarle Sten Olsen / CC BY-ND 4.0

Tips til deg som teiknar

I filmen under (lengde 6:53) gir Sverre deg råd om korleis du kan utvikle deg som teiknar, og viser korleis han sjølv jobbar med visuelle uttrykk.

Video: Jarle Sten Olsen / CC BY-ND 4.0

Tenk over

  • Gav filmane deg nokre nye tankar om korleis du sjølv kan jobbe med teikning?

  • Kva kan vere inspirasjonen din?

Relatert innhald

Skrive av Inger Gilje Sporaland.
Sist oppdatert 28.05.2025